Rekrutteringstillegg på kr. 225.000,-
Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
Ølvesvegen 485, 5637 Ølve
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar 80% fast stilling natt - Heimetenester gr. 4 Ølve
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. oktober
Heimetenester Hatlestrand /Ølve
Vi har ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar på natt.
Til stilllinga føl ein rekrutteringsbonus på kr. 75.000,- over tre år med 5 års bindingstid.Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene i Ølve i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.
På natt gir vi tenester til brukarar i omsorgsboligar og i heimen. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.
Arbeidsoppgåver- Gje heilskapleg omsorg, pleie og støtte til heimebuande og bebuarar i bufellesskap/omsorgsbustader
- Sikra trygge og gode nattevakter
- Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid
- Bidra til nytenking og gode løysingar i tenestene
Vi ser etter deg som:
- Har autorisasjon som helsefagarbeidar
- Er fagleg engasjert og oppteken av god kvalitet i tenestene
- Har omsorgsevne, ansvarskjensle og evne til å arbeida sjølvstendig
- Samstundes er du ein god lagspelar som bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Har gjerne godt humør og liker å skapa tryggleik også om natta
- Ein meiningsfull og samfunnsviktig jobb
- Varierte arbeidsoppgåver i heimeteneste og bufellesskap
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, samarbeid og trivsel
- Gode høve for fagleg utvikling
Gode ordningar i Kvinnherad kommune
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
- Flytteutgifter etter nærare avtale
- Gratis SFO for 1. - 3. klasse
- Søskenmoderasjon i barnehage
- Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
Praktisk informasjonTilsetjing snarast.
Kvinnherad kommune har søkt om og fått 30 millionar kroner til å låna ut til dei som skal etablera seg for første gong. Les meir om dette her: Startlån
Kommunen har tomter for sal i Dalsjøen byggefelt.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.
Vil du bli vår nye kollega?Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
509f5fe9-0294-408a-9fc1-6f31dc36ff08
- Sist endret
29. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3665449_225981_nn