Reinhaldar
Døgnbehandling psykisk helse DPS VegsundHelse Møre og Romsdal HF
Vegsundvegen 68, 6020 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. november
Vi har ledig vikariat som reinhalder i 60% stilling fra 1.januar 2026 til 1.august.2026.
DPS Vegsund er eit psykiatrisk senter med døgnpost, dagbehandling og polikliniske tenester. Senteret ligg landleg og fint til på Vegsund, og vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Reinhald er ein viktig del av drifta, og vi ser etter deg som vil bidra til tryggleik og trivsel for både pasientar og tilsette.
Vi tilbyr ei meiningsfull stilling der du spelar ei sentral rolle i å skape eit reint og trygt miljø for pasientane våre. Arbeidsdagen er på dagtid, tre dagar i veka, utan helgearbeid. Det er ønskjeleg med noko erfaring frå renhald, men opplæring vil bli gitt. Det kan også bli aktuelt med ekstravakter ved sjukefråvær og liknande.
Er du serviceinnstilt, påliteleg og trivst med variert arbeid saman med gode kollega? Då håper vi du vil søkje!
Arbeidsoppgåver
- Rengjering og klargjering av pasientrom
- Reinhald i fellesareal
- Vask av vindu og nedvask
- Smittevask
Kvalifikasjonar
- Erfaring eller utdanning innan reinhald
- Kjennskap til hygienekrav og smittevernrutinar(opplæring kan giast)
- Gode norskkunskaper munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og god på samarbeid
- Du likar å jobbe sjølvstendig
- Du er nøyaktig og fleksibel
- Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Siw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.noArbeidssted
Vegsundvegen 686020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5025341085
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 06.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
508a5481-e241-46ad-8aa6-538ce9d247fe
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0da93283014c4cbb90d0da837233fe30
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Buteneste nordre, Ålesund kommune
Sted
Skodje
Arbeidsgiver
Buteneste nordre, Ålesund kommune
Sted
Skodje