Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Os barnehage
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar i Os barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. september
Er du vår nye kollega? Vi har ledig fast 100% stilling som barnehagelærar
Vi ser etter deg som bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø og som tar initiativ i ein hektisk og fantastisk kvardag.
Arbeidsstad
Os barnehage ligg i Gymnasvegen tett ved Os sentrum. Vi har 8 avdelingar der to og to avdelingar samarbeider og vert kalla base. Vi har pr no 104 barn i alderen 0-6 år og 26 årsverk. Vi har gangavstand til bibliotek, skule, butikkar, idrettsanlegg og kort veg til flotte turområder.
Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen. Mottoet vårt er: "kvardagen er viktigst"
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring, vurdering, og dokumentasjon av det pedagogiske tilbodet til barna.
- Implementering av satsningsområda til kommunen som ASK, Saman mot mobbing og BTI.
- Ansvar for foreldresamarbeid, herunder foreldresamtalar.
- Arbeide etter, og følge opp rutiner.
- Legge til rette for eit godt leikemiljø.
- Drive systematisk observasjonsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
- Vi ser etter ein pedagog som er fagleg engasjert og oppdatert.
- Du viser omsorg, evner å skape relasjonar til store og små, tar ansvar, ser barnas individuelle styrkar og behov, og sørger for at dei opplever meistring gjennom leik og læring.
- Du ønsker å utvikle deg fagleg i eit miljø kor du får støtte og veiledning.
- Du kan arbeide både sjølvstendig og i team for å nå barnehagens mål.
- Du ser verdien av eit godt samarbeid med barnas foreldre.
- Ønske om småbarnspedagogikk som fordypning.
- Veiledningskompetanse er ønskelig.
- Kompetanse om rom og leikemiljø inne og ute.
- Du er ein leiken vaksen som deltar i og vidareutviklar barnas leik.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
500e7f2f-b2e4-4760-8dea-e7eb24dda847
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542423_207807_nn