Statsautorisert rekneskapsførar som etter kvart vil bli dagleg leiar
Stryn Rekneskapslag SA
Tonninggata 9, 6783 Stryn
Om jobben
Vil du vere med å forme framtida til eit rekneskapslag med lang erfaring og høg tillit. Vi ser etter ein autorisert rekneskapsførar som har lyst på nye utfordringar – og etter kvart vil leie heile laget.
- Stillingstittel
- Statsautorisert regnskapsfører
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 31. desember
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi ser for oss at du kjenner deg igjen i nokon av desse punkta:
-
Har relevant høgare utdanning innan rekneskap, økonomi eller revisjon
-
Er autorisert rekneskapsførar
-
Kanskje har litt erfaring frå leiarstilling, gjerne innan rekneskap, rådgjeving eller næringsliv?
-
Har lyst til å utvikle både deg sjølv og laget du jobbar med
-
Er strukturert, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner
Vil du vite meir?
Har noko i annonsa fanga di interesse, men du er usikker på om du passar heilt? Ta gjerne kontakt --- vi forklarer gjerne kva vi meinar og finn ut om dette kan vere noko for deg.
Arbeidsoppgaver
Du vil få oppdragsansvar for eigne kundar, herunder ansvar for rekneskapsleveransen.
Dette innebær:
-
Rekneskapsføring og løn
-
Periodisk avslutning og rapportering
-
Overordna kvalitetsansvar ihht. lover og reglar
-
Årsoppgjør med ferdigstilling av årsrekneskap/ skattemelding
Vi tilbyr
Vi kan tilby:
-
Ei spennande og variert rolle i eit lag med lange tradisjonar -- men blikket retta framover
-
Moglegheita til å påverke og utvikle både rekneskapslaget og kundane våre
-
Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid og høve til fagleg utvikling
-
Jobbe i eit miljø som set fokus på kvalitet og kundetilpassa løysingar.
-
Fleksibel arbeidstid
-
Kontoret tilbyr AFP
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kundane våre er både innan landbruk og næringsliv-- og vi er stolte av å vere ein del av lokalsamfunnet vi tener.
Vi har fokus på å tilpasse tenestene etter kundens behov slik at kundane alltid skal ha full kontroll på økonomien sin.
I Stryn Rekneskapslag har vi over 50 års historie, rundt 300 kundar og 10 tilsette. Vi har kontor midt i Stryn sentrum i Sparebank 1 Sogn og Fjordane sine lokaler.
Vi brukar Duett økonomisystem og Maestro.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4fa66b30-d5b5-499e-97ef-f23145a8e5b2
- Sist endret
1. desember 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
4fa66b30-d5b5-499e-97ef-f23145a8e5b2
Lignende annonser
Statsautorisert revisor
Arbeidsgiver
Revisorgruppen Fjordane As
Sted
Vestland
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Sted
Stryn
Aktivitetsleiar
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Sted
Stryn