Avdelingsleiar/Stasjonsleiar - 100% fast
Alver kommune
Stølen 7, 5911 Alversund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar/stasjonsansvarleg - 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Om stillinga og NHBR
Nordhordland brann og redning (NHBR) lyser to nyoppretta stillingar som avdelingsleiar/stasjonsleiar. Som avdelingsleiar/stasjonsleiar, får du ein unik mogelegheit for å være med å drive og vidareutvikle organisasjonen i tråd med samfunnets behov.
NHBR søkjer etter ein engasjert og ansvarsbevisst avdelingsleiar/stasjonsleiar.
I stillinga får du eit breitt leiaransvar som omfattar personal, drift og fag. I stillinga er det sett krav til operativ kompetanse, for å kunne dekkje operativ beredskap når det er behov for det.
Dette er ein stilling for deg som ynskjer å gjere ein forskjell, og som drivast av å utvikle både menneske, organisasjon og samfunnsberedskap.
Det er ynsjeleg at du bur i nærleiken av ein av brannstasjonen i regionen til NHBR.
Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149 km2, og har 33.000 innbyggjarar. NHBR har Equinor Mongstad i sitt område, som er ein av dei største olje- og produkthavnane i Europa.
Vi har 5 brannstasjonar (Knarvik, Manger, Mastrevik, Lindås, Modalen) og to depot (Kaland og Øvre Helland). Knarvik stasjon har dagkasernering, medan dei andre stasjonane har deltidsberedskap med og utan vaktordning.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar og oppfølging av tilsette knytt til sine stasjonar
- Fagansvar for tildelt ansvarsområde - bidra til planlegging, utvikling og oppfølging
- Driftsansvar for sitt ansvarsområde
- Sikre god beredskap
- Sørge for organisere vedlikehald av biler og utstyr
- Sørge for organisering av stasjoner
- Oppfølging av HMS/internkontroll
- Bidra i administrative oppgåver, planlegging og rapportering
- Delta i ulike prosjekt/aktivitetar etter behov i organisasjonen
- Representere NHBR på ein inkluderande og profesjonell måte
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Arbeid utover normal arbeidstid må på reknast, med tanke på kurs, øvingar, opplæring, personaoppfølging med meir.
Kvalifikasjonskrav
- Erfaring og/eller kompetanse innan leiing
- Erfaring med personalleiing er ein fordel
- Utdanning/kurs som brannkonstabel og/eller utrykningsleiar, (iht. Brann- og redningsvesenforskriften kap 8, § 36-37)
- Må kunne framlegga uttømmande politiattest etter politiregisterlova § 41 og brann- og eksplosjonsvernlova §18
- Stette fysiske og helsemessige krav
- God kunnskap og erfaring i bruk av digitale system. Kjennskap til kommunale system er ein fordel
- Førarkort klasse B
- Ved mangel på naudsynt kompetanse må ei pårekna tid til naudsynte kurs
Ynskjeleg kompetanse
- Førarkort klasse C, BE og kode 160 (kompetansebevis for utrykkingskøyring)
- Anna relevant kompetanse/kurs/utdanning
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
- Gå foran som et godt eksempel og evne til å skape samhold
- Evne til å sjå, lytte og motivere dei tilsette - ein lagspelar
- Gode relasjons- og kommunikasjonsevner, både muntlig og skriftlig
- Strukturert og tydeleg, med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Omstillingsdyktig og løysingsorientert
- Lojalitet til avgjersler
Personlege eigenskapar er avgjerande for stillinga og vil derfor bli vesentleg vektlagt
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfull leiarstilling, i eit viktig samfunnsoppdrag
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø, med dyktige kollega og sterkt samhald
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Trygg og god arbeidsplass
- Løn etter avtale
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gjev oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gje deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4f9552b5-1ca0-4059-bef6-2df3c92c0ebb
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264513