Helsefagarbeider
Bø sjukeheim Løvlund
Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
- Stillingstittel
 - Helsefagarbeider - fast - turnus 80%
 - Type ansettelse
 - Fast, deltid 80%
 - Arbeidstid
 - Turnus
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 1
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Avdeling Løvlund er ei av fire avdelingar ved Bø sjukeheim, og har spesialisert seg på pleie og omsorg for personar med demens. Me tilbyr ein arbeidsplass med faglege utfordringar, der tverrfagleg samarbeid, høg kompetanse, pasienttryggleik og kontinuerleg kvalitetsutvikling står i sentrum.
Hos oss får du høve til å bidra i eit meiningsfylt arbeid, saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Me søkjer deg som ønskjer å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.
Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld, med langvakter kvar fjerde helg.
Høyrest dette spennande ut? Då ynskjer me deg hjarteleg velkommen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Utøve pleie og miljøterapi til avdelingas pasientar.
 - Journalføring og dokumentasjon.
 - Legemiddelhandtering
 - Praktiske oppgåver
 - Må kunne vurdera akutte situasjonar, og dessutan ta raske avgjerder ved behov.
 - Må kunne handtera åtferd som er utfordrande og tiltak etter kap.4A.
 - Utvikle og jobbe i fagadministrative system (Profil, Compilo)
 
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Autorisert helsefagarbeider
 - Beherske norsk skriftleg og muntleg (nivå 3 og Bergentesten)
 
- Erfaring frå arbeid med personar med demenssjukdom, miljørettet arbeid og åtferd som utfordrar er ønskjeleg.
 - God kjennskap til bruk av data som verktøy jmf dokumentasjonsplikta
 
Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Tolmodig og engasjert i behovet til pasienten.
 - Faglig dyktig og engasjert.
 - Evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig.
 - Fleksibel og omstillingsdyktig.
 
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
 - Fagdager fast i turnus.
 - Mentorordning
 - Moglegheit for vidareutdanning.
 - E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
 - Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
 - Gode forsikrings- og pensjonsordningar
 
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar, +47 48126707Arbeidsstad
Gamleveg 433802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5035760316
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde
Avdelingsleiar
+47 48126707
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 4f84eaa9-8195-48a0-8991-293f315db8a5
- Sist endret
 4. november 2025
- Hentet fra
 talentech
- Referanse
 e742c52dfc80480ba9fb7bfb242a7757
Lignende annonser
Helsefagarbeider - fast- helg
Arbeidsgiver
Bø sjukeheim Løvlund
Sted
Bø i Telemark
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Grauteknapp omsorgsboliger
Sted
Bø i Telemark
Helsefagarbeider - fast- helg - Natt
Arbeidsgiver
Bø sjukeheim Løvlund
Sted
Bø i Telemark