Vil du bli ein del av teamet vårt ved kjøkkentenesta på Askvoll omsorgssenter? Vi har ledige stillingar som
Askvoll kommune Askvoll omsorgssenter
Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll
Om jobben
- Stillingstittel
- Kokk med fagbrev - kjøkkentenesta ved Askvoll omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Vi søker etter engasjerte og dyktige kokkar til kjøkkenet vårt på Askvoll omsorgssenter. Som kokk ved Askvoll omsorgssenter vil du ha ei sentral rolle knytt til kosthald, ernæring og matglede. Du vil spele ei viktig rolle i kjøkkentenesta og kunne bidra til å utvikle kvalitet i matproduksjonen. Di interesse og kunnskap om kosthald og ernæring vil ha stor betydning for våre bebuarar og heimebuande.
I vår kommune er vi opptekne av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Primæroppgåva til kjøkkentenesta er å lage mat til bebuarane ved Askvoll omsorgssenter, i tillegg til dagsenter og heimebuande som får levert middagen heim.
Vi har følgjande ledige stillingar:
- 100% fast stilling som kokk frå 01.01.2027
- 14% fast helgestilling som kokk frå snarast
Stillingane inngår i turnus med arbeid på dagtid og helg, med arbeidstid etter 35,5 t/veke. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til 14% helgestilling, kan søkjarar med anna relevant erfaring og kompetanse vurderast. Ver venleg å oppgje i søknaden kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver:
- Produksjon av varm og kald mat
- Menyplanlegging
- Vareplassering
- Oppvask/reinhald av kjøkken samt førefallande arbeid på kjøkken
- Arbeide for eit godt mattilbod for pasientane
- Arbeide i tråd med lovpålagde kvalitetsstandardar
- Bidra til utvikling av gode mat- og ernæringstenester
- Kjøkkentenesta nyttar Mathilda som planleggingsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som kokk
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Erfaring frå arbeid som ernæringskokk vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar:- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Nøyaktig og ansvarsbevisst
- Arbeide systematisk i eit tidvis hektisk miljø
- Vere lojal og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandboka for Askvoll kommune
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Frank Vagstad Eimhjellen
Einingsleiar Askvoll omsorgssenter
+47 90151856 +47 57734507
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4eb16dbb-34e1-4ae2-9fac-5f6c220a019a
- Sist endret
13. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3676927_171745_nn