Er du LIS3 og vil jobbe med barne- og ungdomspsykiatri?
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering (LIS3)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Vi har ein fast LIS3-stilling ledig med ønskje om snarleg oppstart. Søkjaren må ha fullført LIS1.
Hos oss i BUP finn du eit trygt og støttande fagmiljø. For tida er vi åtte overlegar og sju LIS.
Vi tilbyr tenester på spesialistnivå til barn og unge frå 0-18 år. Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Vi har to poliklinikkar og ein sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.
Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer deg velkommen til eit engasjerande og givande arbeidsmiljø!Hos oss legg vi stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom
- Delta i vaktordning for legar
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Søkjaren til LIS3 stillinga skal ha gjennomført LIS1
- Må ha dokumentert norsk autorisasjon
- Erfaring frå BUP er ønskjeleg.
- Gode norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk må dokumentere bestått norsktest på B2-nivå (t.d. Bergenstesten), med mindre dei har fullført vidaregåande skule på norsk. Ved intern tilsetjing kan kravet fråvikast i særlege tilfelle.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- er kreativ, nytenkjande og nysgjerrig
Personlege eigenskapar blir vektlagde
Kvifor skal du velje oss?
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling
- Arbeid i tverrfaglege team
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
- Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus
- Kompetanseheving og spesialiseringsløp
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer
- Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732850Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar/psykologspesialist, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5034127614
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Lene Elisabeth Nordtveit
Sekretær
52732850
Marit Elisabeth Ness
Funksjonsleiar/psykologspesialist
52732850
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar
52732850
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4e5dad8a-ab3f-4eee-a868-75e8f6074c94
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2df5a61d21de498194ca83ac06ad0310
Lignende annonser
Psykologspesialist - poliklinikk
Arbeidsgiver
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Sted
Haugesund
Behandlerstilling - 100%
Arbeidsgiver
Behandlerteam psykisk helsevern, Haugesund Sjukehus
Sted
Haugesund
3. års sjukepleiarstudent
Arbeidsgiver
Stord sjukehus
Sted
Haugesund