Avdelingsleiar i heimetenesta Selje/Stadlandet - vikariat
Heimetenesta, Stad kommune
6740 Selje
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar i heimetenesta Selje/Stadlandet - vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. november
Heimetenesta har ledig 100 % vikariat som leiar for avdelinga Selje/Stadlandet frå snarast råd til 01.10.2027, med moglegheit for forlenging ut 2027.
Avdelingsleiar er organisert under einingsleiar for heimetenesta og har ei nøkkelrolle i leiarteamet i eininga. Leiarrolla i heimetenesta inneber ansvarsfulle administrative og faglege oppgåver. Du vil få høve til personleg utvikling, samt vere med å påverke utviklinga i tenesta.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.
Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.
Vi søkjer deg som er innovativ og som likar å jobbe med kontinuerleg forbetringsarbeid. Du ønskjer å skape gode resultat, trivast med ansvar og motiverast av å utvikle både medarbeidarar og tenester. Hos oss får du høve til å påverke utviklinga og bidra til å forme framtidas tenester i heimetenesta i Stad kommune.
Arbeidsoppgåver
- Leie den daglege drifta i eininga saman med leiarteam
- Utarbeide turnusar og arbeidsplanar for dei tilsette
- Dagleg oppfølging i ajourhald i RS og vikarbooking
- Oppfølging av tilsette ved sjukefråver
- Medansvar for faglege vurderingar, rettleiing av personale og utvikling av eininga
- Ansvar for møter med aktuelle samarbeidspartnarar
- Oppfølging av internkontrollsystem
- Delta i økonomistyring og ansvar for innkjøp i samarbeid med einingsleiar
- Organisering av lærlingar og studentar
- Medansvar i rekrutteringsprosessar
- Oppfølging nytilsette i samarbeid med personale
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ha leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar.
- Ha god rolle-, system- og organisasjonsforståing.
- Vere oppdatert på nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk
- Kunne tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
- Ha gode strategiske og analytiske evner
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Er strukturert, nøyaktig og systematisk
- Har god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
- Er sjølvstendig, løysingsorientert og endringsvillig
- Er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet og utvikling i tenestene
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tillit og tryggleik
- Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og har evne til å ta avgjerder og følgje desse opp
- Har evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar
- Har god gjennomføringsevne og evne til å prioritere i ein hektisk arbeidskvardag
- Er fleksibel og handterer utfordringar og endringar på ein konstruktiv måte
- Har evne til å sjå heilskapen og bidra til samarbeid på tvers av fagområde og teneste
Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Godt og nært tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lokalt og sentralt avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Oppgje referansar av nyare dato.
Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
Kontaktinformasjon
Barbro Longva, Kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.noArbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5191437509
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4d8997a5-917d-4041-a28a-ae4eb980a824
- Sist endret
15. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
659dae8bbf124a7abb0849e198e47c96