Vil du vere med å drifte Ål kommune sine vegar og grøntområde? Då kan du vere den vi ser etter!
Ål kommune Veg og park
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsmedarbeidar - Veg og park
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest lørdag 26. desember
Vi søkjer no etter deg som vil jobbe med oss i avdeling Veg og park i Ål kommune.
I Veg og park blir du ein del av eit godt miljø på 10 medarbeidarar, inkludert ein lærling, som jobbar med drift og vedlikehald av veg og grøntområde.
Arbeidsoppgåver:- Drift og vedlikehald av vegar og grøntområde, sommar og vinter.
- Hjelpe Byggforvaltning med sine prosjekt.
- Vedlikehald og oppfølging av Ål kommune sin bil- og maskinpark.
- Du deltek i avdelinga si vaktordning for vegdrift sommar og vinter.
- Du må ha førarkort klasse B, og det er ein fordel med førarkort klasse BE og C, samt maskinførarbevis.
- Ønskjeleg med fagbrev innan vegdrift, maskinførar eller mekaniske fag. Søkjarar utan fagbrev, men med god praktisk erfaring, vil og bli vurdert.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og vere løysingsorientert.
- Du bør takle eit høgt arbeidstempo med periodevis mykje å gjere.
- Du må vere samarbeidsvillig og fleksibel.
Ta kontakt om du har spørsmål!
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4d0645b7-2ef9-482e-8c17-639b896a79c1
- Sist endret
27. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3682107_211237_nn