Reinhaldsoperatør
Reinhald, Bremanger kommune
Postboks 104, 6721 Svelgen
Om jobben
- Oppstart
- 30. november 2026
- Stillingstittel
- Reinhaldsoperatør
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. september
Ynskjer du ein jobb der DU kan være med å gjere ein synleg forskjel kvar dag?
Reinhaldsavdelinga i Bremanger kommune har ledig eit 50 % vikariat som reinhaldsoperatør, for tida ved Bremanger sjukeheim. Vi ynskjer ein engasjert og påliteleg medarbeidar som ønskjer å bidra til reine, trygge og trivelege omgjevnadar for innbyggjarar, elevar, brukarar og tilsette.
Som reinhaldar hos oss er du med på å skape eit godt miljø der innbyggjarane våre kan lære, arbeide og trivast. Vi er på jakt etter deg som er stolt av arbeidet du gjer og er klar over at godt reinhald er viktig for helse og trivsel.
Gode mogelegheiter for fast tilsetjing
Arbeidsoppgåver
Som reinhaldsoperatør har du ansvar for:
- Dagleg reinhald av bygga du er tildelt
- Å sikre at lokala held høg standard når det gjeld hygiene og trivsel
- Utføring av oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav
- Halde deg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar (overskrift)
- Fagbrev som reinhaldsoperatør
- Andre med relevant praksis er også velkomne til å søkje
Vi ønskjer fagleg engasjerte, motiverte og sjølvstendige medarbeidarar.
Du er:- Positiv og serviceinnstilt
- Løysingsorientert
- Strukturert og ryddig
- God til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Ha førerkort kl. B
- Vere innstilt på endringar
- Vere ryddig og strukturert
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det blir gjeve naudsynt opplæring og gode vilkår for fagleg utvikling.
Serviceinnstilling og personlege eigenskapar vert vektlagt.
Leiinga kan gjere endringar i stillinga sitt arbeids- og ansvarsområde
Her får du spektakulær natur rett utanfor døra og eit lokalsamfunn med stort hjarte.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Bremanger kommune - rein, ryddig og rett og slett litt betre med deg på laget
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Larsen, Fagleiar Reinhald, +47 94970027Arbeidsstad
Postboks 1046721 SVELGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5178135550
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 30.11.2026
Sluttdato: 30.05.2027
Søknadsfrist: 27.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Hilde Larsen
Fagleiar Reinhald
+47 94970027
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4ccbfe79-8527-4003-8ca8-89961f7861b8
- Sist endret
16. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ffe6d18f27343699246ff0a3ef0809a