Ynskjer du jobb som pleieassistent?Søk jobb hjå oss då vel:)
Voss sjukehus/ Voss Medisinske avdeling sengepost, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pleieassistent, helg, fast 20% stillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Voss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost.
Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg!!!
Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost.
Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og oppfølging av pasientar med generelle indremedisinske diagnosar
- Førefallande arbeid i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring. Fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar eller medisinstudent
- Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
Personlege eigenskapar
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Opplæring med fadder
- Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø
- Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 95899553, sissel.marie.finne@helse-bergen.noLinn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493
Arbeidsstad
Sjukehusvegen5700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5020963774
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Linn Christine Zwartjes De Wolfe
Seksjonsleiar
95890493
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4c7a8c6b-1d00-4184-90fa-8d0568613a56
- Hentet fra
talentech
- Referanse
71182c54c184425a9bca7b47b79c420b