Hopp til innhold

Rådgjevar diakoni, kyrkje og samfunn

Arbeidsgiver

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Sted

Strandgaten 198, 5004 Bergen, Strandgaten 198, 5817 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Diakonirådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Vi har ledig stilling som rådgjevar for diakoni, kyrkje og samfunn i avdeling for kyrkje og samfunn ved Bjørgvin bispedømekontor.

Stillinga har ansvar for å løyse oppgåver og utføre saksbehandling for biskop og bispedømmeråd med eit særleg ansvar for det diakonifaglege, men vil og ha ulike oppgåver og ansvarsområde innan heile det kyrkjefaglegfagområdet. Bispedømekontoret utfører mellom anna oppgåver med tverrfagleg kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing  for prester og andre kyrkjelege tilsette, gjennomfører val, driv kommunikasjonsarbeid, tilskotsforvaltning og godkjenningsordningar innan bygg og kyrkjetekstilar. Den som søker vil måtte kunne bidra på nokre av desse områda i tillegg til det diakonifaglege. Bjørgvin bispedøme har satsing på ungdom og unge vaksne som ein sentral del av strategien.

Bispedømekontoret er sekretariat for bispedømerådet og biskop.

Biskopen har samlande funksjonar for kyrkja og rettleier, støttar og fører tilsyn med kyrkjelydar, kyrkjelege tilsette og kyrkjelege råd.

Bispedømerådet har som formål å vekkja og næra det kristne livet i kyrkjelydane. Det skal fremja samarbeid mellom dei lokale einingane i kyrkja. Bispedømmerådet utfører også gjeremål som er pålagt av kyrkjemøtet og kyrkjerådet eller avtalt med sokneråd og kyrkjelege fellesråd.

Avdeling for kyrkje og samfunn har ei viktig rolle i å utvikle bispedømmet gjennom planer, kompetansetiltak og tett dialog med sokn, fellesråd og prostar.

Bispedøme vil i åra som kjem ha prosjekt knytt til Nasjonaljubileet 2030, gjennomføre kyrkjeval i 2027, planlegge ulike studieopplegg rundt mellom anna ungdom og unge vaksne. Den som går inn i denne stillinga vil måtte rekne med å ha delansvar på nokre av desse områda. Då ut frå kompetanse, motivasjon og ei fordeling i stab.

Den som vært tilsett vil ha ansvar knytt til entrepenørskap, kompetanseutvikling og samlingar i breidda av dei kyrkjefagelege fagområda og strategiane.  Oppfølging av tilskotsforvaltning og arbeid med frivilligheit er sentrale ansvarsområder. Stillinga vil få ansvar  for koordineringsoppgåver inn mot ulike samfunnsinstitusjonar, stiftingar og kyrkjelege organisasjonar på det diakonale feltet. Den som vert tilsett må ha evne til fleksibilitet og å kunne stå i og bidra i endringsprosessar som tar tid. Det vil bli vektlagt erfaring frå prosessleiing og gode evner til å samhandle med mange aktørar.

Bispedømmekontoret held til på Nordnes, i Strandgaten 198 og har 12,3 faste årsverk.

Du blir del av eit spennande lag. Bispedømet har over 11500 frivillige, over 700 tilsette i begge arbeidsgjevarlinjer. Bispedømekontoret har to avdelingar med med 12 tilsette, og nokre prosjektstillingar. Avdeling for kyrkje og samfunn har for tida 6 tilsette.  Staben har høgt motiverte og kompetente medarbeidarar, eit godt arbeidsmiljø og vi trivst med å skape mange store og mindre arrangement og prosjekt saman.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter


Arbeidsoppgåver

 
  • Ansvar for rådgjeving på diakonifeltet og kunne bidra på breidda av kyrkjefaglege spørsmål
  • Kan ha ansvar inn mot inkluderingsfeltet, demokrati/val og frivilligheit/medarbeidarskap
  • Koordinere og følgje opp biskop og bispedømerådet sin kontakt mot ulike samfunnsinstitusjonar, samt kyrkjelege stiftingar og organisasjonar
  • Følgje opp arbeid med tilskot, kyrkja vår og arbeid med frivilligheit
  • Delta i prosjekter i avdelinga, i bispedømet og kyrkja nasjonalt
  • Entreprenørskap i samarbeid med ulike deler av bispedømet
  • Kan delta i bispevisitaser og oppfølging av desse.
  • Kan bistå på andre fagområder, eksempelvis ABV, oppfølging val i 2027, koordinering av Saman team eller andre prosjekt
  • Deltar i fagutvikling og kurs for kyrkjelege tilsette
  • Utføre andre oppgåver ved kontoret ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i diakoni eller teologi
  • Evne å arbeide strukturert og prosessuelt
  • Brei kyrkjeleg erfaring og god forståing av Den norske kyrkja og kyrkja sitt samfunnsoppdrag
  • Gode skriftlege og munnlege  kommunikasjonsevner.
  • Godt grunnlag for å utføre saksførebuing for bispedømmerådet
  • Arrangementskompetanse
  • Digital kompetanse.
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle ferdigheiter og haldningar
  • Evne å arbeide strukturert og prosessuelt
  • God evne til samspel og samarbeid med leiarar, samarbeidspartnarar og representantar for kyrkja lokalt
  • Sjølvstende og ansvarsbevisshet
  • Administrative ferdigheiter.
  • Vennlegheit, klarleik, ryddigheit i møte og serviceinnstilling overfor brukarane av bispedømekontoret
  • Fleksibilitet og løysingsorientering
  • Engasjement for Den norske kyrkjas oppdrag

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1434 rådgjevar etter KA sitt tariffområde
  • Vanlege regulativmessige godtgjersler.
  • Pensjonsinnskudd i KLP.
  • Fleksible arbeidstidsordninger.
  • Godt arbeidsmiljø i en stab med variert og solid faglig kompetanse.
  • Mulighet for personlig og faglig utvikling.
  • Vi arbeider etter verdiene: Vi skal være modig, støttende og i dialog.
Andre opplysningar

Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja.

Bjørgvin bispedømme skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfold, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar dirfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

*  Det vil bli utarbeidet offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kirkeordning for Den norske kirke §42. Anmodning om å få sitt navn unntatt fra denne må begrunnes i søknaden. Behandlingsgrunnlagetter personvernforordningen er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
* Den som tilsettes må legge frem politiattest (barneomsorgsattest) uten anmerkninger.

Kontaktinformasjon

Jan Ove Fjelltveit, Stiftsdirektør i Bjørgvin, 95136898

Arbeidsstad

Strandgaten 198
5817 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Den norske kirke

Referansenr.: 5151670538
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Jan Ove Fjelltveit

Stiftsdirektør i Bjørgvin

95136898

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4bd17cc4-fca2-4481-95be-12e9c7acfa4e

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

23027cffc78340f78ae6939cb2e1d127

Lignende annonser

Laster lignende annonser