Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og rus

Arbeidsgiver

Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Norddalsveien 37, 6516 Kristiansund N

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/ vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse og rus
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 7. desember

Er du sjukepleiar eller vernepleiar med interesse for psykisk helse og rus?

Vi har no ledig 2 x100 % fast stilling som miljøterapeut ved DPS Døgn Kristiansund, med tilsetting frå snarast. Arbeidet er i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Vi søkjer engasjerte, fagleg trygge og positive sjukepleiarar eller vernepleiarar som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for pasientane våre. Vidareutdanning innan psykisk helse og rus er ein fordel.

DPS Døgn Kristiansund er ein del av Avdeling for DPS Nordmøre og Romsdal og har 18 sengeplassar. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling til vaksne med psykiske lidingar, med særleg vekt på eit aktivt og målretta miljøterapeutisk tilbod. Vi samarbeider tett med kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagkompetanse, engasjerte kollegaer og eit sterkt fokus på kvalitet og utvikling.

Vil du vere med og skape trygge netter og gode behandlingsforløp? Då håper vi å høyre frå deg! 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av personar med psykiske vanskar
  • Delta i tverrfagleg miljø
  • Delta/leie ulike pasientgrupper i miljøterapi, treningsgruppe, undervisning
  • Administrere medikament
  • Rettleie studentar og personale
  • Undervise pasientar og personale
  • Psykoedukasjon til pasientar og pårørande
  • Ansvarsvakter med hovedansvar og kordinering for drift i miljøet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon  som sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande utdanning
  • Sjukepleiar/vernepleiar med erfaring i psykiatri kan også søkje
  • Erfaring med psykiatrisk arbeid vert vektlagt
  • Gode munnlege og skriftleg norskkunnskaper 
  • Førerkort klasse B
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, initiativrik, kreativ og positiv
  • Du trivast med friluftsliv og anna aktivitet
  • Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Eli Skaug, Seksjonsleiar, Eli.Skaug@helse-mr.no

Arbeidsstad

Norddalsveien 37
6516 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5208412820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Eli Skaug

Seksjonsleiar

Eli.Skaug@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4ba88196-7a3e-4a3c-b8ad-bbde4a5fb1c3

Sist endret

20. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fe685696147a4fa1ae0298c5d39a3248

Lignende annonser

Laster lignende annonser