Hopp til innhold

Seksjonsleiar dialyse ved Førde sentralsjukshus

Arbeidsgiver

Medisinsk avdeling, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonsleiar dialyse
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Dialysen ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.11.2026. 

Vi søkjer ein engasjert leiar som ønskjer å vidareutvikle eit fagleg sterkt og viktig behandlingstilbod for pasientar med nyresjukdom.

Dialyseseksjonen gir livsnødvendig behandling til pasientar med behandlingstrengande nyresvikt, og tilbyr dialysebehandling til pasientar med både akutt og kronisk nyresvikt. Seksjonen tilbyr både hemodialyse og peritonealdialyse.

Det er eit tett samarbeid mellom dei tre sjukehusa i Helse Førde innan dialyse. Dialysen ved Førde sentralsjukehus har eit særleg ansvar for oppfølgjing og koordinering av pasientar i heile nedslagsfeltet, og bidreg til opplæring og fagleg utvikling.

Seksjonen har totalt 9,4 årsverk, inkludert fagutviklingssjukepleiar.

Stillinga inngår i leiargruppa i Medisinsk avdeling. Avdelingssjef er næraste overordna.


Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg leiing med fag-, personal- og økonomiansvar i tråd med Helse Førde sine prinsipp for leiing
  • Oppgåveplanlegging og ressursstyring 
  • Medarbeidaroppfølging
  • Kompetansebygging / kvalitetssikring
  • Budsjettarbeid og månadleg rapportering av aktivitet og økonomi.
  • Deltaking i leiarmøter i på avdelings-, klinikk-  og føretaksnivå
  • Kvalitetsarbeid som inkluderar internkontroll, avviksbehandling, forbetringsarbeid 
  • Deltaking i lokale, regionale, nasjonale prosjekt/utval
  • Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Pasientretta arbeid ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Sjukepleiefagleg kompetanse og erfaring frå arbeid med dialysepasientar
  • Vidareutdanning innan leiing, og/eller erfaring som fagleiar eller administrative funksjonar
  • Gode datakunnskapar og  tryggleik i bruk av dataverktøy
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vere fleksibel, endringsvillig, resultatorientert og beslutningsdyktig
  • Fremje god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt i organisasjonen
  • Ha evne til å motivere tilsette gjennom informasjon, involvering, rettleiing og tilbakemelding
  • Vere lojal og arbeider for å nå måla til seksjonen, avdelinga og klinikken
  • Vere tydeleg og strukturert, med god formidlingsevne

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø og eit støttande samarbeid mellom seksjonane og med avdelingssjef
  • Spennande utfordringar
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling innan leiing
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Laila Haugland, Avdelingssjef, (+47) 481 01 340

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5180453062
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Laila Haugland

Avdelingssjef

(+47) 481 01 340

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4b71188b-a202-4d79-ba61-98dbc47222fc

Sist endret

21. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

14d14c37ea024f898ffe88e697a88321

Lignende annonser

Laster lignende annonser