Inndragingsspesialist /Fagleiar Finansiell Etterforsking
Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Inndragingsspesialist /Fagleder Finansiell etterforskning
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. august
Om stillinga
I Vest politidistrikt, ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø- og arbeidslivskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ei fast stilling som spesialetterforskar med funksjon som inndragingsspesialist og fagleiar for finansiell etterforsking.
Rolla som inndragingsspesialist er ein del av ei nasjonal satsing, og du vil bli sentral i politidistriktet sin innsats med å inndra utbytte frå kriminalitet. Du vil bidra til å byggje ein betre inndragingskultur i Vest politidistrikt og jobbe for eit overordna mål om at kriminalitet ikkje skal lønne seg. Du vil samarbeide tett med inndragingsjuristen i politidistriktet og inndragings- og forvaltningseininga i Økokrim.
I tillegg til rolla som inndragingsspesialist vil du bli fagleiar for finansiell etterforsking på avsnittet. Vi ser etter ein erfaren medarbeidar med spisskompetanse innan etterforsking av økonomisk kriminalitet og som brenn for samfunnsoppdraget til politiet. Fagfeltet vårt er i stadig utvikling, og vi treng ein fagleiar som evnar å utvikle faget i takt med kriminalitetsbiletet.
Avsnittet består av etterforskarar med politi- og/eller økonomiutdanning, som arbeider sjølvstendig og i team med dyktige politiadvokatar for å handtere komplekse straffesaker. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer og leiarar, som gjer kvarandre gode og ønskjer å gjere ein forskjell.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gje deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å kjempe mot profittmotivert kriminalitet og som ønskjer å bidra i eit viktig samfunnsoppdrag. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggja vekt på og dessutan evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Som inndragingsspesialist skal du:- Gje råd og rettleiing i spørsmål og oppgåver knytta til inndraging og sikring av verdiar
- Medverke til generell kompetanseheving i distriktet gjennom ulike opplærings- og vedlikehaldsprogram
i samråd med Fag- og opplæringsansvarleg (FOA) - Halde deg oppdatert på kriminalitetsbiletet i distriktet og bidra aktivt i arbeidet med inndraging og finansiell etterforsking
- Samarbeide med relevante aktørar, til dømes Økokrim.
- Utføre taktiske etterforskingsoppgaver innan økonomisk kriminalitet, samt i andre saker som er lagt til avsnittet og seksjonen
- Utføre etterforskingsarbeid med tilrettelegging og utføring av ulike finansielle analysar, både ved
økonomiavsnittet og som bistand til andre avdelingar innan andre fagfelt - Bistå påtalemakta i retten
- Drive fag- og metodeutvikling innan finansiell etterforsking og inndraging på avsnittet, og kvalitetssikre at oppgåvene blir utførte i samsvar med gjeldande lover, reglar og rutinar
- Byggje og leie eit fagnettverk for finansiell etterforsking i distriktet, og delta i relevante nasjonale fagnettverk
- Gje råd og rettleiing til politifagleg etterforskingsleiar og påtaleansvarleg i straffesaksarbeid
- Bidra med faglege råd i samband med porteføljestyringen på avsnittet
- Utarbeide rapportar og faglege vurderingar innan inndraging og finansiell etterforsking.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Utdanning på masternivå innan relevant fagfelt og 5 års relevant erfaring , alternativt utdanning på bachelornivå eller tilsvarande kombinert med relevant videreutdanning og minimum 8 års relevant erfaring
- Erfaring frå etterforsking av straffesaker i politiet
- Gode IT- og systemkunnskap med evne til å ta i bruk relevant verktøy som til dømes Excel
- God munnleg og skriftleg framstilling på norsk
- Kunnskap om inndraging og sikring av verdiar
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju
Det er òg ønskelig med:
- Erfaring frå opplæring og undervisning
- Erfaring frå fagleiing innan relevant fagfelt
- Relevante kurs/etterutdanning
- Kjennskap til relevant lovverk
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- God formidlingsevne
- Evne til å samarbeide og bygge relasjoner på tvers av fagfelt
- Strukturert og analytisk
Evne til å omstille seg raskt i ein hektisk arbeidskvardag
Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga blir lønna som spesialetterforskar med funksjon som inndragingsspesialist og fagleder finansiell etterforskning (stillingskode 1552) med årslønn frå kr brutto per år. 860.000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Kompensasjon for belastande unntak frå arbeidsmiljøloven på kr 44.708,- pr.år kjem i tillegg.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meiir her.
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode arbeidsvilkår (fleksibel arbeidstid, moglegheit for trening i arbeidstida, o.l )
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller opphald i CV-en, er det høve for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Martin Fosse
Avsnittsleder
+4747691036
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4b173649-c79a-447a-a499-3b75438792f8
- Sist endret
25. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10301210