Hopp til innhold

Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?

Arbeidsgiver

Retura Søre Sunnmøre AS

Sted

Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda

Om jobben

Stillingstittel
Sal- og berekraftansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest i morgen

Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?

Retura Søre Sunnmøre AS søkjer ein Sal- og berekraftansvarleg som kan kombinere sal, rådgjeving og miljøkunnskap.

Om stillinga

Som Sal- og berekraftansvarleg får du ansvar for å utvikle kundeporteføljen vår og for å gjere berekraft til eit konkurransefortrinn -- både for kundane og for oss sjølve.

Du følgjer opp eksisterande næringskundar, hentar inn nye og hjelper dei med å skreddarsy avfallsløysingar som gir høgare sorteringsgrad, lågare kostnader og betre miljøresultat.

Stadig fleire verksemder må dokumentere miljø- og klimaarbeidet sitt overfor kundar, finansinstitusjonar og styresmakter.

Her blir du ein viktig rådgjevar: du set saman avfalls- og miljørapportar, tolkar tala og viser kundane korleis dei kan nå miljømåla sine.

Internt har du ei sentral rolle i berekraftsarbeidet til RSS, mellom anna i oppfølginga av miljøsertifiseringa og strategiplanen vår.

Stillinga er ein del av administrasjonen, og du deltek difor også i dei felles administrative oppgåvene, mellom anna ordremottak, telefon og kundeservice.

Du samarbeider tett med driftsavdelinga og fagmiljøa i Retura-kjeda.

Du rapporterer til dagleg leiar.

Som person er du trygg, nysgjerrig og flink til å byggje relasjonar.

Du likar å vere ute hos kundar, er strukturert og sjølvgåande, og har ei forretningsmessig tankegang.

Du kommuniserer godt og kan forklare miljøkrav og tal på ein enkel måte.

Vi har eit uformelt arbeidsmiljø, og håper å finne deg som vil vere med på å ta vare på det -- og gjere selskapet endå betre.

Ansvarsområde Sal og kundeoppfølging
  • Oppfølging av eksisterande nærings- og privatkundar, med kundebesøk og kartlegging av behov
  • Aktivt sal mot nye kundar og utvikling av nye tenester
  • Utarbeiding av tilbod, avtalar og anbod, også i offentlege konkurransar
  • Delta i ordremottak og telefonsløyfa i administrasjonen
Berekraft og rådgjeving
  • Rådgjeving til kundar om sortering, gjenvinning og sirkulære løysingar
  • Utarbeiding av avfalls- og miljørapportar til kundar, mellom anna sorteringsgrad og klimaeffekt
  • Støtte kundar som må dokumentere berekraftsarbeidet sitt (t.d. ESG-rapportering og miljøkrav i anbod)
  • Bidra i berekraftsarbeidet til RSS og i oppfølginga av strategiplanen
  • Bidra i oppfølginga av ISO 14001 og ISO 9001 og i lovpålagde rapporteringar
Marknadsføring
  • Marknadsføring og synleggjering av RSS lokalt
  • Oppdatering av nettsider og sosiale kanalar
Kvalifikasjonar
  • Erfaring med sal og kundeoppfølging, gjerne mot bedriftsmarknaden
  • Erfaring med marknadsføring og sosiale medium
  • Kunnskap om berekraft, miljøstyring eller klimarekneskap er ein klar fordel
  • Gjerne erfaring med ISO-standardar, berekraftsrapportering eller offentlege anbod
  • God norsk framstillingsevne, munnleg og skriftleg, og evne til å kommunisere på engelsk
  • Gode datakunnskapar og fortruleg med digitale verktøy
  • Førarkort klasse B (krav)
Personlege eigenskapar
  • Engasjert og positiv
  • Relasjonsbyggjar som trivst ute hos kundar
  • Kommersielt anlagd og resultatorientert
  • Strukturert, sjølvdriven og initiativrik
  • Løysingsorientert og fleksibel i ein travel kvardag
  • Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
  • Ei samfunnsviktig rolle i ein bransje i rask utvikling, der sirkulær økonomi og berekraft står sentralt
  • Stor fridom til å forme stillinga og vere med på å byggje opp berekraftsarbeidet
  • Fagleg og personleg utvikling, med kurs og kompetanseheving
  • Nettverk og samarbeid med andre Retura-selskap over heile landet
  • Konkurransedyktige vilkår for løn og pensjon
  • Løn og tiltreding etter nærare avtale

Høyrest dette ut som deg?

Send søknad med CV via søknadsportalen på Finn.no.

Søknadsfrist: 25. november 2026

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, så send gjerne søknaden tidleg.

Alle søknader blir handsama konfidensielt.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med dagleg leiar Mads Harald Indresøvde på mobil 412 13 940 eller e-post mads.indresovde@retura.no.

Om bedriften

Retura Søre Sunnmøre AS (RSS) vart etablert i 2004 og er ein av dei største aktørane innan avfallshandtering for næringslivet på Søre Sunnmøre.

Vi leverer eit totalprodukt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving, og tek hand om alle typar avfall på ein kostnadseffektiv og miljøbevisst måte.

I dag er vi 17 tilsette i Hovdebygda i Ørsta.

Vi er sertifiserte etter NS-EN ISO 14001 og NS-EN ISO 9001, og har løyve til å ta imot både ordinært og farleg avfall.

Og vi er i vekst.

Vi har nyleg fått meir areal, investerer i nytt utstyr og satsar endå meir på sortering og sirkulær økonomi i åra som kjem.

Som ein del av Retura-kjeda kan vi tilby tenestene våre på tvers av fylke og regionar.

Saman arbeider vi for eit miljø i balanse gjennom berekraftig gjenvinning og sirkulær økonomi.

Vi bidreg til eit reinare lokalsamfunn og jobbar kontinuerleg for at ingen ressursar kjem på avvege.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4b0534a1-04f1-477c-815e-6aa4affca009

Sist endret

9. november 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

480240116

Lignende annonser

Laster lignende annonser