Rådgjevar for demens og utvikling i helse og omsorg
Stad kommune
Fossevegen 2, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar for demens og utvikling i helse og omsorg
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Har du eit hjarte for demensomsorg og er engasjert i kvalitetsforbetring, implementerings- og rettleiingsarbeid? Då er dette stillinga for deg!
Stad kommune ønskjer å styrkje satsinga på utvikling innan helse- og omsorgstenestene, og søkjer no etter ein rådgjevar for demens og utvikling i helse og omsorg.
Dette er ei 100 % stilling, der 50 % er knytt til eit treårig prosjekt som demenskoordinator.
Stillinga har arbeidsstad på Nordfjordeid, men vil òg vere aktivt ute i arbeidsfeltet og bidra til at oppgåvene i stillinga vert implementert og fylgt opp på ein god måte. Du får eit spennande og variert arbeidsfelt i heile kommunen – der du får høve til å kombinere fleire viktige funksjonar:
- Demenskoordinator - 50% prosjektstilling over tre år
- Miljøretta helsevern
- Etisk kompetanseheving
- Frivilligheit
- Andre oppgåver kan tilkomme
Rådgjevar rapporterar til kommunalsjef for helse og omsorg.
Arbeidsoppgåver
- Fungere som bindeledd mellom personar med demens, deira pårørande og dei ulike delane av tenestene
- Leie og være ein del av hukommelsesteamet.
- Sikre at kommunen arbeider systematisk og planmessig med demensomsorg, både internt og i samarbeid med relevante partar
- Bidra i utviklingsarbeid, implementering av tiltak og kvalitetsforbetring
- Ivareta lovpålagde oppgåver innan miljøretta helsevern (jf. folkehelselova kap. 3)
- Drive fram og følgje opp systematisk etisk refleksjon i helse- og omsorgstenestene
- Vidareutvikle og systematisere samarbeidet mellom helse- og omsorgstenestene og frivilligheita
- Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt etter behov.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå
- God norsk-kunnskap, både munnleg og skriftleg
- God IKT-kunnskap
- Førarkort klasse B
- Ynskjeleg med vidareutdanning og erfaring frå demensomsorg
- Ynskjeleg med vidareutdanning innan fagutvikling og kvalitetsarbeid
- Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ og ansvar
- Du kommuniserer godt og tydeleg
- Du har god skriftleg framstillingevne
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre
- Du jobbar for eit godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
- Tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Barbro Longva, kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.noArbeidsstad
Fossevegen 26770 NORDFJORDEID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4990185441
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4acea147-db2d-4784-a90f-c6a546bca4f3
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de0c0ba5c56f4df9aa205352fa2a664e
Lignende annonser
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
f.t. ved Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune
Sted
Svelgen
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Sted
Stryn
Arbeidsgiver
Nordfjord psykiatrisenter, seksjon rus - Helse Førde
Sted
Nordfjordeid