Rådgjevar miljøteknologi
Skyss
Lars Hilles gate, 5008 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Vil du spele ei nøkkelrolle i det grøne skiftet? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Vi skal redusere bruken av privatbil og bidra til at folk kan klare seg utan eigen bil. I tillegg skal vi sørge for nullutslepp frå transporttenestene våre. Vi har kome langt med elektrifisering av både buss, båt og ferje, og det er stadig nye moglegheiter og utfordringar som må løysast! Vi skal vere pådrivarar for berekraft og sirkulær økonomi gjennom heile verdikjeda, mellom anna ved å stille krav til gjenvinning i bruk og produksjon av transportmateriell. Vårt viktigaste verkemiddel er å stille krav om nullutsleppsdrift og dokumentasjon på klimafotavtrykk når vi kjøper inn transporttenestene.
Vi treng deg som har god teknisk forståing, erfaring med utviklingsarbeid og anskaffingsprosessar, og har eit hjarte for for klima og miljø. I dette arbeidet vil du møte komplekse, tverrfaglege utfordringar og mange aktørar internt og eksternt. Du får viktige oppgåver med stor samfunnsnytte i eit arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjement.
Arbeidsoppgåver
Vår nye rådgjevar vil inngå i ei faggruppe som arbeider med strategisk vidareutvikling av mobilitetstilbodet, der oppgåvene er mange og varierte. Du skal ha hovudvekt på omlegging til låg- og nullutsleppsløysningar og skal bidra til at Skyss tar nullutsleppsløysingar i bruk på berekraftig og kundevenleg vis.
Sentrale oppgåver vil vere:
- Utgreie moglegheiter og konsekvensar av låg- og nullutsleppsløysningar for kollektivtransporten
- Bidra i arbeid for å iverksette utsleppskutt frå kollektivtransporten gjennom anskaffingsprosessar
- Praktisk tilrettelegging for miljøteknologi, gjennom å sikre areal til energiinfrastruktur og straumtilgong
- Arbeid med oppfølging, evaluering og kontinuerlig forbetring av iverksette tiltak
- Bidra til intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar
Du vil jobbe i tett samarbeid med andre fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt til andre delar av Vestland fylkeskommune, leverandørmarknaden, offentlege myndigheiter med fleire. Du vil få god moglegheit for fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde, til dømes teknologi, energi, klima og miljø. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane
- evne til å presentere og diskutere komplekse problemstillingar, både skriftleg og muntleg.
Det er i tillegg ønskeleg at du har
- kjennskap til kollektivtrafikk, transportplanlegging og samferdsel
- kunnskap om offentlege anskaffingsprosessar
- forståing for prosjektstyring og prosessleiing
- interesse for teknologisk utvikling, utsleppsfrie køyretøy og alternative drivstoff.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som- er engasjert i grøn omstilling og vil bidra i samfunnsutviklinga
- arbeider faktabasert og analytisk
- er sjølvstendig og strukturert
- er omgjengeleg og trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap
- bidrar til å vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!
Vi tilbyr:
- ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg
- fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- arbeidsstad i Bergen.
Andre opplysningar
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
- Dersom du ikkje har mastergrad, vil stillingstittelen bli justert tilsvarande.
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren verte offentleggjorte sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Einar Aalen Hunsager, leiar faggruppe tilbodsutvikling, +47 40916229, einar.aalen.hunsager@skyss.noGudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, gudrun.einbu@skyss.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gateBergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5010646077
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4aaa746e-81ea-4f1d-b988-49cfec3bce47
- Hentet fra
talentech
- Referanse
89cd56c3368f4354b7aca6356e7a8d00