Avdelingsleiar Haram bustader 2 2. gangs utlysing
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Haram bustader 2
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Vi søkjer etter ein engasjert og nytenkjande avdelingsleiar i 100% fast stilling som er oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling. Du vil ha leiar- og personalansvar for Haram bustader 2, Solbakken bukollektiv og dagsenteret som er lokalisert i Brattvåg.
Som avdelingsleiar vil arbeidsstad vere delt mellom Brattvåg og Vatne, der ein 2 dagar i veka sit på Vatne og dei 3 andre i Brattvåg. Avdelinga har 30 årsverk totalt.
Haram bustader er delt i 3 avdelingar. Haram bustader 1, Haram bustader 2, samt avdeling 3 som består av barnebustad og barneavlastning. Som avdelingsleiar vil du jobbe i team i lag med dei 2 andre avdelingsleiarane og tenesteleiar. Vi gir i hovudsak tenester til menneske med diagnose utviklingshemming. Butenesta er opptatt av å gi gode tenester til tenestemottakarane og skape eit godt arbeidsmiljø for tilsette.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som avdelingsleiar skal du vere med å leie dette arbeidet.
Stillinga er ledig frå 1.desember -25, eller etter avtale.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for dagleg og fagleg drift, samt personalansvar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna kommunale føringar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde
- Leggje til rette for ein god dialog med tenestemottakarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i kommunen
- Vere med på å utvikle ei framtidsretta teneste
- Leggje til rette for eit godt samarbeid, skape aktive og motiverte tilsette
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie, vernepleie eller anna 3-årig helsefagleg u/h-utdanning
- Vidareutdanning i leiing, om ikkje er dette eit krav innan 2 år
- Leiarerfaring er ønskjeleg
- Erfaring med døgndrift er ønskjeleg
- Kjennskap til dei ulike fagsystema vi brukar; GAT produksjon, Helseplattformen, Compilo, Glup, Veilederen og Visma
- Kjennskap til og forståelse for Helse- og omsorgstenestelova Kapittel 9, om ikkje evne til å tileigne deg nødvendig kunnskap
- Erfaring med menneske med psykisk utviklingshemming, eller kunnskap om miljøretta arbeid inn mot andre grupper
- Erfaring med endrings- og utviklingsarbeid
- Evne til å kunne balansere krav/forventningar innanfor gitte rammer
- Gode IT-kunnskapar
- Beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er handlekraftig og evner å ta utfordringar og sjå løysingar, samtidig som du kan delegere, inspirere, rettleie og vidareutvikle medarbeidarane i utviklinga av gode team
- Evne til sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid
- Vere engasjert i fag og leiing
- God kjennskap til, og forståing for kommunen sine oppgåver
- Kunne sette deg raskt inn i nye oppgåver og sette dei i system
- Gode og tydelege kommunikasjonsevner
- Evne til å skape tillit, lytte og til å vere til stades
- Evne til å byggje nettverk, gode samarbeidsevner og like å jobbe i team
- Evne til å kunne prioritere i ein hektisk kvardag
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Fleksitid
- Eit godt og engasjert fagmiljø der vi er opptekne av utvikling og velferdsteknologi
- Eit godt samarbeidsklima i leiarteamet
- Ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommuneorganisasjon
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.noArbeidsstad
Brattvåggata 196270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5015045597
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a996e8b-6616-4354-b9d7-92dbeb772217
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f41e5ab6f8a447fb36def202053700c