Hopp til innhold

Ledig stilling som produsent ved Det Norske Teatret

Arbeidsgiver

Ll Det Norske Teatret

Sted

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Produsent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Vi søkjer ein strukturert og engasjert produsent som vil vere med å planleggje og gjennomføre teaterproduksjonar frå idé til ferdig framsyning.

Som produsent får du ei sentral rolle i gjennomføringa av teateret sine produksjonar og prosjekt, med ansvar for koordinering, framdrift og ressursstyring.

Stillinga rapporterer til produksjons- og plansjef.

Arbeidsoppgåver
  • Vere teateret sitt bindeledd i produksjonen/prosjektet frå etablering til avslutning.

  • Delegert budsjettansvar for eigne produksjonar/prosjekt.

  • Ha hovudansvar for oppfølging og framdrift frå rammemøte til prøvestart.

  • Kontraktering og oppfølging av alle engasjerte kunstnarar i kunstnarlege lag.

  • Oppfølging og handsaming av avvik i heile produksjons-/prosjektperioden.

  • Evaluering og rapportering.

Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning innan scenekunstproduksjon, kulturleiing eller tilsvarande.

  • Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.

  • Erfaring med teaterproduksjonar eller koordinering av andre kulturproduksjonar eller større arrangement.

  • God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging.

  • God organisasjonsforståing og kjennskap til bransjen, samt kunnskap om overeinskomstar og tariffavtalar, er ein fordel.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar
  • Er strukturert, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.

  • Er trygg i rolla som koordinator og leiar av prosessar, og har evne til å vere tydeleg når det krevst.

  • Har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide på tvers av fagmiljø.

  • Handterer fleire oppgåver samstundes og held oversikt i hektiske periodar.

  • Er sjølvstendig, initiativrik og ansvarsbevisst.

Vi tilbyr
  • Ei sentral rolle i eit spennande og kreativt arbeidsmiljø.

  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar

  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring

  • Gunstig ferieordning

  • Arbeidstid er hovudsakeleg på dagtid i vekedagane, men arbeid på kveld og i helg må påreknast.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.

Om bedriften

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4a910ca9-cc24-4729-aa80-f37f5eb1b270

Sist endret

28. juli 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

470696276

Lignende annonser

Laster lignende annonser