Hopp til innhold

Leiar Klepp tverrfaglege team

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Klepp tverrfaglige team (KKT)

Sted

Solavegen 1, 4351 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Leiar Klepp tverrfaglege team
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. november

Vil du vere med og vidareutvikle innsatsen for barn, unge og familiar i Klepp kommune?

Ønskjer du å vere ein del av ei engasjert og framtidsretta leiargruppe innan oppvekstområdet? Motiverast du av tverrfagleg samarbeid og av å skape gode tenester for barn, unge og familiar? Då kan dette vere stillinga for deg.

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som brenn for tidleg innsats, samarbeid på tvers av fag og tenester, og for å finne gode løysingar saman med innbyggjarane. Me ønskjer oss ein leiar som ser moglegheiter, tek initiativ og tør å prøve nye vegar.

Klepp tverrfaglege team (KTT) er ei sentral og godt etablert teneste i kommunen, og eit godt døme på korleis oppvekstreforma blir omsett til praksis. Teamet gir tverrfagleg oppfølging til barn og unge i alderen 0–18 år og familiane deira. Gjennom tett samarbeid med den einskilde, familien og relevante tenester arbeider KTT for å finne ressursar, meistringsstrategiar og gode løysingar som bidreg til ein trygg og god oppvekst i Klepp.

KTT omfattar mellom anna kommunen sitt tilbod innan psykisk helse for barn og unge, og gjer foreldrerettleiing på lågterskel. Teamet har òg fleire andre oppgåver og ansvarsområde, tilpassa behova til barn, unge og familiar i kommunen. Tilsette med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse samarbeider tett med familiar, barnehagar, skular og andre tenester for å sikre rett hjelp til rett tid.

Som leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenesta og i arbeidet med å styrkje samhandlinga mellom oppvekst-, helse- og velferdstenestene i kommunen.


Arbeidsoppgåver

 

  • Leia og vidareutvikla Klepp tverrfaglege team
  • Personal-, fag- og økonomiansvar for eininga
  • Sikre kvalitet, samordning og måloppnåing i arbeidet
  • Leggja til rette for tverrfagleg samhandling internt og eksternt
  • Bidra til utvikling av kommunen sitt førebyggjande arbeid for barn, unge og familiar
  • Bidra til å finna løysningar på felles utfordringar i barnehagar, skular og fritid
  • Bidra til å gje barn, ungdom og foreldre individuell oppfølging ut frå behov
  • Delta i strategisk utviklingsarbeid innan oppvekstområdet
  • Bygga gode rutinar og system internt
  • Samarbeide tett med leiarar i helsestasjon, PPT, barnevern. fritid, kulturskule, barnehagar og skular, i tillegg til andre relevante tenester

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå, gjerne master
  • Leiarutdanning, eller vilje til å ta dette
  • Leiarerfaring med dokumentert kapasitet til å leia menneske og utvikla fagmiljø
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
  • Erfaring frå utviklings- og endringsarbeid
  • God kunnskap om offentlege tenester og tverrfagleg samhandling
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er ein tydeleg og samlande leiar
  • Har evne til å skape tillit og gode relasjonar
  • Er utviklingsorientert og ser moglegheiter
  • Har god forståing for samhandling på tvers av fagområde
  • Er strukturert og gjennomføringssterk
  • Motiverer medarbeidarar og byggjer gode fagmiljø

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt

Vi tilbyr

  • Ei spanande og meiningsfull leiarstilling
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene til barn, unge og familiar
  • Dyktige medarbeidarar og godt tverrfagleg miljø
  • Eit aktivt fagmiljø med fokus på utvikling og innovasjon
  • Gode ordningar for kompetanseutvikling
  • Systematisk leiaroppfølging og støtte
  • Eir trygt leiarteam under oppvekstsjef som står saman med deg i utvikling av eininga
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Gry Susanne Hetlelid, Oppvekstssjef, +47 41637049

Arbeidsstad

Solavegen 1
4351 KLEPPE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5208863292
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Gry Susanne Hetlelid

Oppvekstssjef

+47 41637049

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4a54c52f-12eb-4751-a831-a2a7f4ce4b8a

Sist endret

13. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bfd69ba77ca34040b5a68e755d13b5c8

Lignende annonser

Laster lignende annonser