Hopp til innhold

Skei heimeteneste har ledig

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Skei heimeteneste

Sted

Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling
Type ansettelse
Fast, deltid 23%
Antall stillinger
5
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 16. september

Skei Heimeteneste yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, velferdsteknologi. Vi har ansvar for bebuarar i 28 omsorgsbustadar, i tillegg til brukarar ute i bygdene. 6 av desse bustadane utgjer eining for personar med demens, der brukarane treng tett og kontinuerleg oppfølging og er avhengige av trygge og føreseielege råmer. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling. Vi har fleire tiltak innan demensomsorg. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar.

Vi har ledig fast helgestilling!

  • 14 - 21 % faste stillingar på helg.
  • Stillingane er i hovudsak 2-delt turnus med arbeid annakvar eller kvar 3. helg. Vi kan også tilpasse til 4. kvar helg.

    Kanskje lurer du på om du skal skifte yrke men er usikker på om dette er noko for deg? Eller du studerer og skulle gjerne hatt ein helgejobb? Prøv ei helgestilling hos oss og gjer deg dine eigne erfaringar. Det er mange som har starta i yrket på den måten.

    Krav til søkar: 

    • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
    • gyldig politiattest 
    • beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg

    Alle som har interesse innan fagfelt i omsorgssektoren kan søke. 
    Vi oppmodar spesielt sjukepeiarstudentar om å søke. Desse har eigen lønsstige. Dei som har ønska fagutdanning kan få tilbod om fast stilling, andre aktuelle søkarar får tilbod om mellombels stilling i 6 månader. 

    Vi søker deg som: 

    • er fleksibel og likar utfordringar
    • er strukturert, ansvarsbevist og løysingsfokusert
    • taklar å jobbe i ulike avdelingar
    • ynskjer å jobbe i bustad for eldre.
    • er oppteken av, interessert i eller har erfaring i å jobbe med personar med demens
    • er nytenkjande og kreativ
    • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

    Kva tilbyr vi?

    • engasjerte kollegaer og leiarar
    • inkluderande miljø
    • pasientnært og fagleg fokus
    • drivande godt arbeidsmiljø
    • god og tilstadeverande leiing
    • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
    • eigen lønsstige for sjukepleiarstudentar

    Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer i stillinga. Du søker elektronisk.

     Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Einingsleiar Heidi Husetuft

    +47 901 89 460 +47 57 72 61 63

    heidi.husetuft@sunnfjord.kommune.no

    Om bedriften

    Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4a54811e-2eff-41e3-b465-78a7ca6067f1

    Sist endret

    2. september 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3658263_191729_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser