Lege i spesialisering onkologi
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering onkologi
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Vi søker etter lege i spesialisering (LIS 2/3) som ønsker å vere med på å bygge det beste laget. Det er ønskeleg med oppstart 05.01.2026, men dette kan avtalast. Hos oss får du ein detaljert plan for dei første vekene dine som nytilsett, etter mal utarbeida av våre dyktige LIS-legar med fadderansvar. Her blir du med andre ord tatt godt og ryddig i mot!
Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;
- Fylkesdekkande sengepost og stråleterapieining
- Palliativt team, poliklinikk, Pusterom og Vardesenter i Ålesund
- Kreftpoliklinikk, palliativt team og Pusterom ved SNR Hjelset/Kristiansund og Volda sjukehus
Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar og teknikkar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken. Onkologiske legar i seksjonen er i dag delt inn etter faggruppene; uro/sarkom/CNS, gastrointestinal, malignt melanom, bryst/thyroidea og stråleterapi.
Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.
Arbeidsoppgåver
- Vekslar mellom polikliniske konsultasjonar og sengepost
- Vurdering av tilvisningar
- Deltaking på MDT-møter
- Vurdering av stråleterapi etter kvalifikasjon
- Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund avhengig av kompetansenivå
- Deltaking i kliniske studier
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Norge
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gamal ordning
- Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivast i eit aktivt og framoverlent miljø
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du er ansvarsbevisst
- Du deler gjerne kunnskap med andre
- Du har gode kommunikasjonsevner
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Eit sterkt fagmiljø i eit fag som er i rivande utvikling
- Gode høve til utvikling av fagleg og kommunikativ kompetanse
- Ei fin vaktordning med p.t. 8-delt primærvakt som du kan verte delaktig i, avhengig av kompetansenivå
- "Velkommen til oss - fadderordning av og for LIS"
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, synnøve.haram.rotnes@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5015946592
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a312dc3-6fc9-4160-af7e-2c7d8f943763
- Hentet fra
talentech
- Referanse
34982d1e416d4d53964803a864f2f7be