Er du vår nye kunderettleiar med glimt i auget og sans for service?
TESS Vest as
Husnes Industriområde 45A, 5460 Husnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kunderettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 4. november
TESS veks og søkjer ein engasjert og løysingsorientert kunderettleiar. Hos oss får du høve til å vere ein sentral del av eit dynamisk team som arbeider med spennande produkt og tenester, der service og kvalitet står i høgsetet.
Kva kan vi tilby deg?• Personleg og fagleg utvikling: Vi gir deg verktøya du treng for å utvikle deg i eit sterkt teknisk fagmiljø
• Gode arbeidsvilkår: Konkurransedyktige betingelsar og eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel står i fokus
• Varierte arbeidsoppgåver: Ingen dag er lik -- du vil jobbe både med kundar og oppfølging
• Moglegheit til å påverke: Vi set pris på initiativ og gir deg fridom til å finne dei beste løysingane for våre kundar
Om stillinga:
Vi søkjer ein kunderettleiar som vil arbeide i vårt servicesenter i Kvinnherad, der du blir ein viktig del av eit dynamisk og fagleg sterkt team. Stillingsprosent inntil 100%.
Arbeidsoppgåver:
• Yte god kundeservice og gi rettleiing i servicesenteret
• Sal og ekspedering i butikk
• Oppfølging og drift av våre integrerte forsyningsløyingar
• Oppfølging av ordre, lager, varemottak og varepåfylling
Kven er du?
Vi ser etter deg som har:
• Relevant utdanning (gjerne 3-årig vidaregåande skule eller fagbrev) eller erfaring frå sal, gjerne innan tekniske produkt
• Teknisk innsikt og interesse er ein fordel
• Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
• Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
• Du er sjølvstendig, strukturert og engasjert
• Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo
• Du er løysingsorientert og serviceinnstilt
Høyrest dette ut som noko for deg? Då gler vi oss til å høyre frå deg!
Vi vurderer søknader fortløpande.
Bli med på laget hos TESS -- vi tilbyr meir enn berre ein jobb, vi tilbyr ei framtid.
Om bedriften
Som bransjeleiar skapar vi nye arbeidsplassar og utviklar våre tilsette i tråd med tida. Vi er kontinuerleg på jakt etter engasjerte medarbeidarar som bidreg til vekst av konsernet. TESS er landets største leverandør av drifts- og vedlikehalds- produkt, og har forma slangebransjen i over eit halvt århundre. Våre tilsette jobbar med alt frå sal og logistikk, til produksjon og engineering. Markedssegmenta vi prioriterar er offshore, havbruk, entreprenør, industri og offentleg.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a1396aa-c6a2-4c6d-a25f-c7add86d3961
- Hentet fra
FINN
- Referanse
430870082