Hopp til innhold

Fagarbeidar

Arbeidsgiver

Ål kommune Sando barnehage

Sted

Oppsatovegen 145, 3570 Ål

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 17. november

Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Sando barnehage legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Me vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.  

Som fagarbeidar / assistent i barnehage må du først og fremst like å vera  saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.   

No har me eit 100 % vikariat ledig i Sando barnehage i perioden 01.01.27 - 31.12.27.

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. 
  • Eventuelt anna relevant utdanning / erfaring. 

Personlege eigenskapar

Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:

  • Brenn for barnehageyrket og det beste for barna. 
  • Trivst i lag med små barn 
  • Er utadvent og trygg på deg sjølv.
  • Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
  • Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform. 

Vi tilbyr 

  • Barnehagar med eit god fagleg miljø. 
  • Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
  • Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer. 
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale. 
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning. 

Velkomen som søkjar! 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Patrick Mikkelsen Kvalvågnes

95179282

patrick.mikkelsen@aal.kommune.no

Om bedriften

Ål kommune har ein desentralisert barnehagestruktur med både små og litt større barnehagar. Sando barnehage er ein godt etablert to avdelings barnehage som opna i 2013. Barnehagen ligg flott til med fleire gode turmoglegheiter i nærområdet, deriblant gapahuken og lavvoen vår som begge ligg i fin avstand frå barnehagen. I Sando likar vi å vere aktive, både inne og ute. Satsingsområdet vårt er friluftsliv; her tek vi med barna på mange ulike turar gjennom året og dei yngste er blant anna med på hengekøyeturar. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane våre. Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

497089cf-388e-4f42-a237-80a3e144b9c9

Sist endret

3. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3675555_223781_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser