Vikariat 100% stilling som kontaktperson i Indre Nordmøre barneverntjeneste
Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Indre Nordmøre barneverntjeneste har vikariat i 100% stilling som kontaktperson.Vikariatet varer i omlag eit år.Barneverntjenesta består av kommunane Surnadal, Rindal, Tingvoll og Sunndal. Surnadal kommune er vertskommune og tenesta er organisert med kontorstader både i Sunndal og Surnadal.Vi er organisert i tre team med eigne teamleiarar.To team, eit i Surnadal og eit i Sunndal, arbeider med avklaring av meldingar, undersøkingar og hjelpetiltak for barn som bur heime. Det er teamleiar ved begge teama.Eit team arbeider med tilsyn, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen.Arbeidsoppgåver i stilling som kontaktperson:
Link til søknadsskjema: Søk her
- Saksbehandling etter lvov om barnevern
- Systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, i nært samarbeid med andre
- Utstrakt kontakt med barn og foreldre/foresatte, der medverknad blir vektlagt
- Fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket
- Forberede, gjennomføre og følge opp saker i barnevern- og helsenemda og andre rettsinstansar
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, ønskeleg med relevant mastergrad
- Anna bachelorgrad kan bli vurdert om ein har vidareutdanning eller master som er relevant for arbeidet i barnevernet
- Ønske om barnevernfagleg arbeidserfaring
- Du må ha førarlort kl.B og kunne disponere eigen bil, men vi har også tenestebilar tilgjengeleg
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje skal vere eldre enn 3 månader
- å kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, m.a med tanke på tidsfrister
- vere god på å få til kommunikasjon og evne til å få til samarbeid
- kunne stå i pressa situasjonar over tid vere i stand til å handtere følelsesmessige påkjenningar
- framstå som trygg og sikker i barnevernfaglege vurderingar
- vere venleg og imøtekomande, men samtidig tydeleg og ha gjennomføringsevne
- kunne løfte blikket og tenkje heilheitleg
- å ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne er sentralt med tanke på dialog, god kommunikasjon og dokumentasjon i alle sider av arbeidet
Ved tilsetting blir det gjort ei samla vurdering av krava til kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og tilbakemeldingar frå referansepersonar.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til samtale.
Hos oss i Indre Nordmøre barneverntjeneste får du:
Faglege utfordringar og gode vilkår for personleg utvikling i eit sterkt fagmiljø.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff.
Vi kan innvilge flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Indre Nordmøre barneverntjeneste vart etablert 01.01.2020. Surnadal er vertskommune for samarbeidet beståande av kommunane Rindal, Tingvoll, Sunndal og Surnadal. Tenesta har 22,8 årsverk. Tenesta er organisert med kontor både i Sunndal og Surnadal.
Indre Nordmøre barneverntjeneste er frå mai 2022 inndelt i tre team. Vi har to team - Surnadal/Rindal og Sunndal/Tingvoll, med kvar sin teamleiar som har ansvaret for undersøking og oppfølging av barn som bor heime. Samt eit team på tvers av kontora som arbeider med barn som bor utanfor heimen eller er på ettervern. Tenesta har også to heimekonsulentar som jobbar direkte med familiar som treng veiledning for å styrke foreldrefunksjonen.
Hovudoppgåva til eininga er å sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Barneverntenesta skal på same måte som andre kommunale tenester bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.
Frå 01.01.22 fekk kommunane økt ansvar på barnevernområdet. Barnevernreforma eller oppvekstreforma som den også kallast, har som mål å styrke kommunenes førebyggande arbeid og tidleg innsats.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
49478801-2987-40d3-9b80-cd2fa48ea80b
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3543489_185517_nn