Avdelingsleiar
Sunnmørsheimen ungdomsheim, avd. Nygardsvegen, Bufetat
Nygardsvegen 2, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Ved Sunnmørsheimen Ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen er det ledig stilling som avdelingsleiar. Som avdelingsleiar vil di viktigaste oppgåve vere å leie avdelinga, samtidig som du tek hand om både personalet og ungdommane på ein heilheitleg og inkluderande måte. Stillinga er underlagt einingsleiar, og du vil vere ein del av leiarteamet ved Sunnmørsheimen.
Sunnmørsheimen er ein spennande, lærande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk.
Vi arbeider saman for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein krevjande livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!
Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og Nygardsvegen, som er ei behandlingsavdeling. Ungdomane som bur hos oss er i aldersgruppa 12-18 år. Dei er plassert etter barnevernslova §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeidar vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.
Arbeidsoppgaver
Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere knytt opp mot den daglege drifta ved avdelinga. Det viktigaste arbeidet ein avdelingsleiar gjer er knytt til personalansvaret, for det er våre tilsette som gjer at vi er i stand til å gi ungdommane på huset eit godt og styrkande opphald. Men vi ser at det er viktig å ha eit fokus på vår organisatoriske utvikling, mellom anna gjennom den daglege drifta, og her vil ein avdelingsleiar vere ein svært viktig ressurs gjennom sin nærheit til dei tilsette.
Som avdelingsleiar vil dine arbeidsoppgåver vere følgande:
- Leie, motivere og følje opp dei tilsette i det daglege arbeidet
- Sikre forsvarleg bemanning, planlegge og sørge for effektiv turnusdrift gjennom året
- Sikre at avdelinga vert drifta innanfor dei faglege- og økonomiske rammene.
- Sørge for at faglege metodar, rutinar, prosessar og dokumentasjonskrav vert følgt i samarbeid med fagansvarleg
- Bidra til eit godt samarbeid med interne og eksterne partar
- Vere ein trygg og tydeleg rollemodell for dei tilsette og ungdommane
- Bidra inn i den kontinuerlege faglege og organisatoriske utvikling ved Sunnmørsheimen, i samarbeid med leiargruppa
- Bufetat er ein lærande organisasjon, og du har ei sentral rolle i å sørge for at dei tilsette er faglege oppdatert.
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som har:
- Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
- Relevant leiarerfaring frå institusjon
- Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du i tillegg har:
- Minimum 15 studiepoeng innan leiing og administrasjon. Søkjarar som manglar dette, må forplikte seg til på å gjennomføre dette innan to år etter tilsetjing.
- Erfaring frå fagfeltet og kjennskap til vår målgruppe.
- Kunnskap om turnus
- Erfaring frå arbeid på barnevernsinstitusjon
Personlige egenskaper
Du er ein trygg og tydeleg leiar som vågar å utfordre og evnar å gjennomføre.
- Du evnar å jobbe strategisk, og er utviklings- og resultatorientert
- Du ser verdien av å motivere og engasjere dei tilsette
- Fleksibel i høve til arbeidsoppgåver, både faglege og administrative
- Gode kommunikasjons og samarbeidsferdigheitar
For oss er det svært viktig korleis du som person egnar deg til jobben. Dette vil verte tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 som avdelingsleder p.t. kr 759 100 - 801 118 pr. år. Avlønning og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmoder vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen ungdomsheim.
- Politiattest må fremlegges ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje legges med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstørrelse og varighet skal lastast opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Stian Bjerkvik, Einingsleiar, 97771818Arbeidssted
Nygardsvegen 26103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5003276675
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Stian Bjerkvik
Einingsleiar
97771818
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge består av fylkene Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4930cdb3-7ae4-4768-9ef7-3516f855b9b4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cad13813b3c14461ba37a608ba374154