Førstekonsulent/namsfullmektig
Møre og Romsdal politidistrikt
Vatnevegen 9, 6265 Vatne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Namsfullmektig / Førstekonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Om stillinga
Møre og Romsdal politidistrikt har ledig fast stilling som førstekonsulent innan sivil rettspleie/namsmannsoppgåver.
Vi søkjer etter ein motivert og effektiv medarbeidar til interessante og utfordrande oppgåver i et godt fag- og arbeidsmiljø. Ei av hovudoppgåvene i denne stillinga vil vere innan utlegg. Oppsøkjande verksemd er en del av stillinga i forbindelse med forkynnelser og namsmannsoppgåver. Arbeidet blir kjenneteikna av mange utfordringar av juridisk og praktisk art som det må takast stilling til. Andre oppgåver som publikumsmottak og enkelte forvaltningsgjøremål vil komme i tillegg.
Stillingen er underlagt Nordre Sunnmøre politistasjon, som er en del av Ålesund politistasjonsdistrikt, og har oppmøtestad på Eidsvikeidet/Vatneeidet.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Motivasjon, forståing for namsmannen si rolle i samfunnet og om du er personleg eigna er viktige eigenskapar vi ser etter. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet.
Evnen til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig saksbehandling i utleggssaker
- Halde oversikt og kontroll over eigen saksportefølje
- Rettleiing av publikum
- Stevnevitne
- Kontakt med andre samarbeidsetater
- Delta i kontinuerlig forbetringsarbeid
- Publikumsmottak med rettleiing og enkle forvaltningsgjeremål i 1.linje (til dømes våpenforvaltning, hittegods mm.)
- Kan påleggjast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Relevant høgare utdanning med minimum 3 år på høgskule/universitet
- Relevant fagbrev og/eller erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
- Gode IT-kunnskaper
- God skriftleg og munnleg uttrykks- og formidlingsevne på norsk
- Økonomisk vederheftighet (Om du blir innkalla til intervju må du ta med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar.)
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring frå sivil rettspleie, bank eller inkasssoverksemd
- Erfaring fra offentleg saks- og klagebehandling
- Juridisk og økonomisk kompetanse/forståing
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
- Erfaring frå publikum/kundebehandling
Førerkort kl. B
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Personlege eigenskapar
- Du er avgjerdsfør, løsningsorientert, effektiv og nøyaktig
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er serviceinnstilt
- Du er selvstendig og samarbeidsvillig
- Du evner å tileigne deg ny kunnskap
- Du har forståing for namsmannens rolle i samfunnet, og tek sikkerhetsomsyn når det er naudsynt i oppgåveløysinga
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga vert lønna som førstekonsulent (stillingskode 1408) med årslønn frå kr 495 200 - 570 000 kr
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Thomas Bårdsnes Hammervold
Namsfogd / seksjonsleder sivil rettspleie
+4747600134
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
48c71df7-cec5-4e3f-8609-86f9b7748708
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264617