Helsefagarbeider i demensomsorgen
Avdeling ALD og Aktivitet, Klepp kommune
Prestevegen 12, 4352 Kleppe, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider i demensomsorgen
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Demenssjukdom er ein av dei største utfordringane verda står ovenfor.
Fleirtalet av dei som vert ramma ynskjer å bu heime så lenge som mogeleg, og i Klepp strekkjer me oss langt for at det skal vere mogeleg.
Kleppheimen er kommunen sitt kompetansesenter på demenssjukdom. I fyrste etasje på Kleppheimen er Aktivitetssenteret og Arbeidslag Demens (ALD) lokaliserte, og me ynskjer oss ein ny kollega! Stillinga vil innebere ca 40% på Aktivitetssenteret, og kvar tredje helg på ALD.
Me har eit aktivt og engasjert fagmiljø, som jobber ut frå personsentrert omsorg: Det er mennesket bak sjukdommen som er i fokus, og me tar utgangspunkt i den enkeltes personlighet, livshistorie og behov. Når hukommelsen svikter, er det endå viktigere at mennska rundt den sjuke har kjennskap til kvar enkelt sin identitet, tilhørighet og preferanser. Ved å tilrettelegge tenestene ynskjer me å ivareta kvar enkelt sin verdighet, sjølvstendighet og livskvalitet, slik at ein kan bu trygt heime.
Aktivitetssenteret gjev dagtilbod til heimebuande eldre, med og utan kognitiv svikt. Me har stort fokus på meiningsfulle aktiviteter og ein meiningsfull kvardag. Senteret har blant anna ein flittig brukt sansehage med fire høner, bålpanne, pizzaovn og ulike planer.
Arbeidstid vil vere 08:45-15:00.
ALD er den avdelinga i heimetenesta som bistår heimebuande med demenssjukdom, uansett kvar i kommunen ein bur.
Arbeidstid er todelt turnus: Dag (07:30-15:00) og kveld (15:00-22:45)
Det er eit tett samarbeid mellom desse avdelingene.
Arbeidsoppgåver
Aktivitetssenteret:
- Skape ein trygg arena for brukarar og kollegaer
- Planlegge og tilby aktivitet tilpassa ønskjer og funksjonsnivå
- Ha fokus på ernæringsstatus, skape gode måltidsituasjonar
- Pleie- og omsorgsoppgåver
Arbeidslag demens:
- Kartlegging av kvar enkelt sin situasjon, og skreddersøm av individ tilpassa tilbod til heimebuende med demenssjukdom
- Utøve heilhetlig hjelp, både helsehjelp og anna hjelp som skal til for at kvar enkelt skal bu trygt heime.
- Gjennomføre tiltakspakke demens
Felles:
- Tett dialog med samarbeidspartnarar og pårørande
- Praktiske oppgåver som fylgjer med drifta
- Halde deg oppdatert i fht gjeldande planar og prosedyrar, og fylgje dei
- Journalføring
- Ansvar for opplæring og oppfølging av nytilsette, elevar og lærlingar
- Bidra til det gode arbeidsmiljøet
- Administrere legemidler etter forordning når du har bestått legemiddelhåndteringskurs
Kvalifikasjonar
Du er fortrinnsvis helsefagarbeider eller hjelpepleier med fagbrev, eller fylgjer et konkret opplæringsforløp for å bli dette i nær framtid. Andre yrkesgrupper, eksempelvis aktivitør, kan og vurderes.
- Svært gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring innafor demensomsorg, men personleg egnethet vil vere avgjerende.
- Gode digitale ferdigheiter
- Sertifikat klasse B
- Prøve i legemiddelhandsaming må bestås før ein kan tiltre fast stilling.
- Politiattest må framvisast før tilsetjning
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
Du som søkjer ser mennesket som heilhet, evner å tenke utanfor boksen, er genuint interessert i kva er viktig for kvar enkelt, og er god på å finne løysinger.
Me søkjer deg som er blid, humoristisk, kreativ, engasjert, positiv, fleksibel, tålmodig og lærevillig. Du har gode samarbeidsevner, og eit ønske om å videreutvikle både deg sjølv og avdelinga. Det er like viktig at du bidrar til vårt gode arbeidsmiljø, som at du gjer ein god jobb for våre flotte innbyggere.
Erfaring frå demensomsorga og/eller psykisk helse er ein fordel, men ikkje eit krav.
Vi tilbyr
- Faglig utvikling og tett samarbeid med andre yrkesgrupper
- Eit meget godt arbeidsmiljø, der det er høgt under taket og stor arbeidsglede
- Muligheten til å bry deg, engasjere deg, vere del av eit lag som gjer kvarandre gode og feirer kvar seier
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
- Gratis parkering
- Treningstilskudd og bedriftsidrettslaggratis
- tilgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
- Bedriftskunstforening
- Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Kontaktinformasjon
Olga Marie Torsvik, Avdelingsleiar, +47 48131751Arbeidsstad
Prestevegen 124352 KLEPPE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5015726890
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Olga Marie Torsvik
Avdelingsleiar
+47 48131751
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
47c04108-f892-46c9-afb5-bcf6b140710f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f1a44021817c4b528c5161802a48c03b