Direktør i Noregs Høgsterett
Noregs Høgsterett
Høyesteretts plass 1, 0180 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Direktør Noregs Høgsterett
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. desember
Direktør i Noregs Høgsterett
Embetet som direktør i Høgsterett er ledig frå 8. januar 2026.
Om stillinga
Arbeidsoppgåvene til direktøren er krevjande og varierte. Direktøren leier Høgsteretts juridiske og administrative støtteapparat, med det overordna ansvaret for mellom anna økonomiforvaltning, organisasjonsutvikling, organisering av saksavvikling generelt og personalforvaltning. Vidare har direktøren det overordna ansvaret for Høgsteretts omfattande utoverretta verksemd, både nasjonalt og internasjonalt, og for informasjonsverksemd og tryggings- og beredskapsarbeid i Høgsterett. Det er på alle område eit tett og nært samarbeid mellom høgsterettsjustitiarius og direktøren.
Kvalifikasjoner
Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med gode resultat.
Stillinga krev gode leiareigenskapar og relevant erfaring innanfor strategisk leiing.
I tillegg vil det vere ein fordel med:
- God kjennskap til funksjonen og rolla domstolane har i samfunnet
- Brei og god samfunnsinnsikt
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Relevant kunnskap om digitalisering og bruk av KI
- Trygg og tydeleg leiar, med evne til å motivere og inspirere
- Sterke samarbeidsevner og evne til å byggje tillit og gode relasjonar på tvers i eigen organisasjon og eksternt
- Utprega serviceinnstilling
- Høg grad av integritet
- Strategisk og utviklingsorientert, med evne til å sjå heilskap og samanhengar
- God gjennomføringsevne
- Fleksibel
Det er vidare ønskjeleg med god munnleg og skriftleg framstillingsevne – både på norsk og engelsk – og med stor arbeidskapasitet og arbeidsglede.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Spesielle krav
Norsk statsborgarskap er ein føresetnad for å kunne bli tilsett i embetet. Du må kunne tryggingsklarerast for nivået Strengt Hemmeleg.
Kontakt gjerne vår samarbeidspartnar Capus AS. Du kan ta kontakt med Beate Svanes på mobil 918 33 000, e-post beate.svanes@capus.no, eller med Peder Lund på mobil 977 35 088, e-post peder.lund@capus.no
Løn
Løn etter avtale og innanfor Statens leiarlønnssystem.
Søknaden må sendast elektronisk via www.jobbnorge.no
Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle samansetjinga i befolkninga generelt – også når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, sjølv om ein har bede om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Søkjarar vil i så fall få varsel før offentleggjering.
Kontaktpersoner for stillingen
Toril Marie Øie
Høgsterettsjustitiarius
+4722035900
Bente Kraugerud
Direktør
+4795747514
Om bedriften
Høgsterett er landets øvste domstol og har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett blir leidd av justitiarius. I tillegg har domstolen 19 dommarembete og eit embete som direktør. Domstolen har vidare ein assisterande direktør, ei juridisk utgreiingseining med 28 stillingar, medrekna utgreiingsleiar og to nestleiarar, og 20 stillingar innan administrasjon og saksbehandling. Det juridiske og administrative støtteapparatet i Høgsterett blir leidd av direktøren. Høgsterett held til i Høgsteretts hus i Oslo.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
479aaf33-b3d4-4c2d-8dbe-4583b0784c8f
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268410
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Sted
Lillestrøm
Arbeidsgiver
Borgarting lagmannsrett
Sted
Oslo
seniorrådgiver/spesialrådgiver
Arbeidsgiver
Lovsekretariatet, Stortinget
Sted
Oslo