Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Sikkerheits- og rehabiliteringspost, Valen sjukehus 

Sted

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Vil du jobbe med pasientar som treng tryggleik og tett oppfølging?

Eining for sikkerheit og rehabilitering er ei spesialeining med til saman åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av døgnbehandlingsplassane er for kvinner med valds- og farligheitsproblematikk, fire av plassane er tiltenkt forsterka rehabilitering for pasientar med sikkerheitsproblematikk og dei resterande plassane er tiltenkt andre pasientar med behov for forsterka rehabilitering.

Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.


Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleie til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost.
  • Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar.
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring.
  • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.
  • Vere med å vurdere og lage handteringsplanar knytte til valdsrisiko.
  • Utforme kortsiktige og langsiktige behandlingsplanar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling.
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • er robust og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik
  • er initiativrik, engasjert og viser respekt for kvar enkelt pasient
  • arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver
  • samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • etterspør rettleiing hvis ein er usikker på noko

Personlege eigenskapar blir vektlagde. 

For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du

  • ein meiningsfull jobb der du kan følgje pasientar over tid og bidra til reell endring
  • eit triveleg arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre
  • strukturert opplæring og oppfølging som nytilsett
  • internundervisning og regelmessig fagleg rettleiing

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Helena Heimvik, Funksjonsleiar, 53466482

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5167217858
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Helena Heimvik

Funksjonsleiar

53466482

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

46ea3e59-9e2b-4c63-bfc6-8d6a41df8049

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2d281c7a4d8e4ed88008a26e3f6a5b54

Lignende annonser

Laster lignende annonser