LIS radiologi
Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Bjørnstjerne Bjørnsons veg, 6412 Molde, Kristiansund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS radiologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Er du klar for ei spennande karriere i radiologi omgitt av storslått natur med fjordar og fjell? Radiologisk avdeling i Molde og Kristiansund har no ledig fast stilling som LIS, og her får du moglegheita til å utvikle deg fagleg i eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø. Oppstart er frå 01.12.2024, eller etter avtale med avdelinga, ved eventuel internt opprykk kan det bli ledig vikariat.
Radiologisk avdeling er avgjerande for diagnostikk og oppfølging ved sjukehusa i området, med årleg rundt 100 000 undersøkingar fordelt på alle modalitetar. Vi har eit nært samarbeid med kliniske avdelingar, og i 2025 vil det nye sjukehuset (SNR) stå klart med fylkets første 3 Tesla MR-maskin.
For deg som LIS i radiologi tilbyr vi eit godt planlagt opplæringsopplegg i Molde, men det kan òg leggast til rette for teneste i Kristiansund. Her har vi dyktige overleger som veiledar deg, og eit godt og sosialt LIS-miljø som vil hjelpe deg på vegen til spesialiseringa di. I tillegg har vi gode ressursar på nett.
Arbeidsoppgåver
Som LIS i radiologi vil du få opplæring i:
- Røntgen, CT, ultralyd og etter kvart radiologiske intervensjonar.
- MR-diagnostikk når du har fått meir erfaring.
- Å beskrive bilete, utføre ultralyd og ha løpande dialog med klinikarar.
- Vaktordning: per i dag har LIS tilstadevakt som er åttedelt med bakvakt frå overlege, delvis i heimevakt. Ved opning av SNR vil vakta vere på Hjelset, Molde.
Kvalifikasjonar
- Godkjent LIS1 (eller tilsvarande turnusteneste etter tidlegare ordning).
- Flytande norsk (ev. svensk/dansk) skriftleg og munnleg kommunikasjon.
Du er også velkommen til ta kontakt dersom du ikke enno har gjennomført LIS1.
Personlege eigenskapar
- Har god klinisk forståing og gode samarbeidsevner.
- Trivst med å arbeide i team med andre faggrupper.
- Er fagleg nysgjerrig og læringsvillig.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Martin Grotnes, Seksjonsleiar, +47 71122395, Martin.Grotnes@helse-mr.noArbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons veg6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4862825705
Stillingsprosent: 100%
Fast
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777418
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3ca5ee4638794ebe847fbd085a89465f