Lege i spesialisering Barnesjukdommar
Legar barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering Barnesjukdommar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Vi har ledige vikariat for lege i spesialisering innan barnesjukdomar ved Barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund.
- 2 x 100% vikariat i perioda 01.01.26 - 31.08.26
- 1 x 100% vikariat i perioda 01.03.26 - 31.08.26
Er du nysgjerrig på korleis det er å arbeide med barn eller har du lyst til å auke kompetansen din innan barne- og ungdomsmedisin? No har du mogelegheita til bli kjend med barnemedisinen i trygge omgjevnader i vår flotte avdeling!
Vi har høgt fokus på trygg og forsvarleg spesialistutdanning. LIS deltek på kurs etter plan og får også delta på nasjonale møter i barnemedisin. Vi er ei avdeling med mykje aktiv forsking og legg til rette for forsking ved sida av klinikk. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker - 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert  i Ålesund og på Hjelset.
I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 8 delt og tertiærvakt nyfødtmedisin 5 delt. 
Vil du vere med og gjere ein skilnad for dei yngste pasientane? Søk i dag og bli ein del av vårt engasjerte team!
Arbeidsoppgåver
- Delta i avdelinga si gjeldande vaktordning
- Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning
- Mestre norsk språk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fokus på god spesialistutdanning
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!Kontaktinformasjon
Christine Vaksdal Nilsen, Seksjonsleder (lege), Christine.Vaksdal.Nilsen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5028432270
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 44efca5c-e135-4fa2-8d3f-d13342e423fc 
- Sist endret
- 28. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 4fa43e363ffa41fa9da9b7c285cc1785 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
AVDELING FOR PATOLOGI, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Fastlegehjemmel ved Daaeskogen legesenter
Arbeidsgiver
Kommunalområde Helse, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Sykepleier 100 % vikariat m/mulighet for fast ansettelse
Arbeidsgiver
Åse helsehus
Sted
Ålesund