Dagleg leiar i Preg barnehager Finnøy AS
930391107
Utsynvegen 24, 4160 Finnøy
Om jobben
- Stillingstittel
- Leder
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Preg Finnøy er ein privat barnehage med kristen føremålsparagraf. Barnehagen ligg på naturskjønne Finnøy i Stavanger kommune og vart opna hausten 1982. Barnehagen er eigd og driven av Preg barnehagar AS, som er eigd av Misjonssambandet.
Barnehagen er ein to- til tre-avdelings barnehage med tilbod for barn i alderen 0--6 år, og har om lag 35 barn. Barnehagen har lyse og trivelege lokale, ligg i eit naturskjønt område, med nær tilknyting til sjø og utmark. Vi brukar både barnehagesyklane, lokalbåten og naturen i nærområdet i det pedagogiske tilbodet. Preg Finnøy brukar TTI-rammeverket Class som kompetanseverktøy og vi samarbeider tett med PPT, andre barnehagar i Finnøy bydel og Preg-konsernet.
Vi ser no etter ein visjonær og trygg leiar som brenn for kristne barnehagar, og som kan vera ein pådrivar og leiar for fagleg og verdimessig utvikling. Vi ønskjer ein leiar som har gode samarbeidsevner og får det beste ut av medarbeidarane sine. Vi ønskjer ein leiar som identifiserer seg med den kristne profilen og Preg barnehagars visjon: «Saman om å setje verdifulle spor»
Vi søkjer no:
Dagleg leiar i 100 % stilling
ArbeidsoppgåverDagleg leiar er eigar sin representant og leiar av barnehagen. Dagleg leiar har hovudansvar for at heile barnehagen blir ein trygg, innhaldsrik og målretta verksemd. Dagleg leiar skal leia barnehagen i samsvar med lover, forskrifter, retningslinjer, kommunale vedtak, dei gjeldande vedtektene i barnehagen, Preg barnehages formålsparagraf for barnehagane og retningslinjer og vedtak gjort av Preg barnehagar.
Dagleg leiar har desse hovudfunksjonane:
• Hovudansvar for personalleiing og pedagogisk/verdimessig arbeid
• Hovudansvar for dagleg drift og administrasjon av barnehagen
• Budsjett og økonomi
• Ansvar for å aktivt følgja opp arbeid med HMS og miljøretta helsevern
• Pleie eit tett samarbeid med eigarstyret for barnehagen
Kvalifikasjonar• Barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse
• Vidareutdanning innan leiing eller tilsvarande kan bli vurdert som ein fordel
• Arbeidserfaring som pedagog med leiaransvar er ønskjeleg
• God relasjonskompetanse
• Gode leiareigenskapar, tydeleg leiar, evne til å lytte og til å ta avgjerder
• Oppteke av å skapa trivsel og eit godt miljø
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Det blir føresette at søkjar vedkjenner seg den kristne trua og forpliktar seg til å arbeida i samsvar med gjeldande vedtekter, instruksar og verdidokument.
Vi kan tilby• Lønn etter gjeldande PBL-tariff
• Pensjonsordning i Storebrand
· Moglegheit for aktuell vidareutdanning
• Eit positivt og engasjert personale
• Nettverk med andre styrarar i Preg barnehagar
• Godt samarbeid og oppfølging av administrasjon og styret for barnehagen
Det krevst godkjent politiattest, jmf barnehageloven § 30.
For spørsmål eller informasjon:
Asbjørn F. Haugstvedt
HR-leder
Tlf: 479 75 511
ahaugstvedt@pregbarnehager.no Søknad og CV blir send: ahaugstvedt@pregbarnehager.no**Søknadsfrist:**23.11.2025
Tiltreding: etter avtale
PersonopplysningarPreg barnehagar er databehandlaransvarleg for den personlege informasjonen du sender inn i søknaden din jf Personopplysingsloven artikkel 30.
Når du søkjer på ei stilling, aksepterer du at vi registrerer og samlar inn dei personlege opplysningane du gir oss i søknaden din i rekrutteringsprosessen, jf personopplysningsloven artikkel 6 og 9.
Vi beheld informasjonen til rekrutteringsprosessen er avslutta, for deretter å sletta all informasjon om deg om ikkje anna er avtalt med samtykke.
Du kan be om innsyn i dei personopplysningane Preg barnehagar har om deg. Du kan også be om at vi rettar ukorrekte opplysningar eller slettar informasjon om deg. Du har når som helst høve til å trekkja tilbake samtykt til at vi behandlar personopplysningane dine i ein rekrutteringsprosess. Vi kjem då til å fjerna søknaden og sletta personopplysningane som er knytte til søknaden frå rekrutteringssystemet.
Ved å senda inn søknaden din:
-
Erklærer du at du har lese, forstått og akseptert retningslinjene ovanfor
-
Erklærer du at opplysningane i søknaden din er fullstendige og rette.
-
Samtykkjer du til behandling og varetaking av dei innsende opplysningane.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
444086a5-6123-49b8-aa88-e809cd6b590a
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
436640749
Lignende annonser
Pedagogisk leder/barnehagelærer
Arbeidsgiver
Sunde og Kvernevikbarnehagene (5), Stavanger kommune
Sted
Hafrsfjord
Pedagogisk leder i barnehage
Arbeidsgiver
Barnehagen Himmelblå
Sted
Hafrsfjord
Pedagogisk leder/barnehagelærer
Arbeidsgiver
Stokkabarnehagene (5), Stavanger kommune
Sted
Stavanger