Eigedomsskattmedarbeidar
Økonomistab
Magnus Thingnesgate 1, 6900 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Eigedomsskattmedarbeidar
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. november
Har du sans for detaljar og trivst med tal? Då kan dette vere jobben for deg!
Kinn kommune søkjer ein positiv og strukturert medarbeidar til ei fast 50 % stilling innan eigedomsskatt. Du blir del av eit engasjert og inkluderande fagmiljø der vi legg vekt på samarbeid, humor og fagleg utvikling.
Eigedomsskatteområdet består i dag av ein fagansvarleg i 50 % stilling, og du vil bli ein viktig del av eit lite, men fagleg sterkt team som samarbeider tett og har eit stort engasjement for faget.
Hos oss får du eit inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel, stor takhøgd og rom for utvikling. Du vil få grundig opplæring i system og arbeidsprosessar, og jobbe side om side med kollegaer som både er dyktige og hjelpsame.
Arbeidsoppgåver
- Behandle klager og førebu saker til handsaming i nemnda
- Svara på førespurnader frå publikum
- Vedlikehalde og oppdatere eigedomsskattetakstbasen
- Registrere og ajourføre nye eigedomar i fagsystemet
- Tilretteleggje for synfaring av nybygg og tilbygg
- Sende ut skattesetlar
Kvalifikasjonar
- Ønsker utdanning på bachelornivå, til dømes innan økonomi, administrasjon eller anna relevant retning.
- Relevant arbeidserfaring kan erstatte formell utdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode digitale ferdigheiter og systemforståing (gjerne erfaring med rekneark, t.d. Excel)
- Serviceinnstilt, strukturert og nøyaktig
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Nyutdanna blir og oppmoda til å søke!
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- tek ansvar og viser initiativ
- jobbar strukturert og har auge for detaljar
- held roen også når det er mykje å gjere
- trivst med samarbeid og bidreg til eit positivt og støttande arbeidsmiljø
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og ønskjer oss ein medarbeidar med engasjement, fagleg interesse og eit glimt i auget.
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel
- Grundig opplæring og moglegheit for fagleg utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Fleksitidsordning
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP
Kontaktinformasjon
Sithara Mahaboob, Fagleiar eigedomsskatt, 40066456Arbeidsstad
Magnus Thingnesgate 16900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5032448089
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 13.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Sithara Mahaboob
Fagleiar eigedomsskatt
40066456
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
43aaf04f-a515-4d8a-84a5-2ffbcf966629
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
99275b086a53465a86bf51849d412b72
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune
Sted
Florø
100 % fast stilling Bemanningssenter, Florø
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Sted
Florø
Fritidskontakt i Florø
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Sted
Florø