Innkjøpar
Vik Ørsta
Nørestranda 383, 6152 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Innkjøpar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vil du bli ein del av vårt innkjøpsteam?
Vi ser etter ein ny kollega som kan bidra til kontinuerlig forbetring og utvikling i vår innkjøpsavdeling i Ørsta.
Hovudoppgåver vil vere:
- Innkjøp av varer basert på behovsplan i ERP-system
- Prisforhandling/kostnadskontroll mot leverandørar
- Regelmessig vurdering av leveransesituasjon frå leverandørar
- Har teknisk utdanning og/eller relevant erfaring innanfor innkjøp og logistikk
- Gjerne har erfaring frå innkjøp, sourcing og prosjekt innanfor og utanfor Europa
- Er ein god og profesjonell forhandlar
- Arbeider systematisk, sjølv når det er travelt
- Er positiv og ynskjer å lære
Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida.
Har du spørsmål om opplasting av CV? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Innkjøpssjef Hermund Farnes, tlf. 959 22 369.
Flytte til Ørsta?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta!
Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaeaKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette.
Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no
Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.
Les meir om Saferoad på www.saferoad.com
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
439e9198-272e-4c5a-8242-227bcc128ad1
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267566
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Sted
Ulsteinvik
Arbeidsgiver
Mestergruppen Byggevare AS
Sted
Fosnavåg
Produksjonsleder
Arbeidsgiver
Ode Processing
Sted
Vartdal