Vi søker mekaniker
System Trafikk AS
Hodlebrautsvegen 14, 5281 Valestrandsfossen
Om jobben
- Stillingstittel
- Mekaniker
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Med stadig aukande arbeidsmengde treng me fleire på laget. Har du fagbrev som mekanikar lette kjøretøy, og har lyst å jobba med ein triveleg gjeng på Osterøy? Då vil me gjerne høyra frå deg.
Småbilverkstaden til System Trafikk er ein del av Sjekk Punkt, og driv med service, reparasjonar og PKK på bilar og bubilar opp til 7,5 t. Me har i dag 3 driftige mekanikerar, men treng ein til på laget. Til stillingen ønsker me nokon som:
· Har fagbrev bilmekanikar lette kjøretøy
· Trivest å jobba både sjølvstendig og i team
· Er løysingsorientert og positiv
· Gjerne godkjent PKK-kontrollør, men dette er ikkje noko krav.
· Beherskar norsk både skriftleg og muntleg
· Førarkort klasse B
· Kan styrka teamet vårt både fagleg og sosialt
Me kan tilby:
· Gode lønns- og pensjonsbetingelsar (AFP)
· Ein trygg arbeidsplass i ei veletablert tariffbedrift.
· Gode forsikringar.
· Mulighet for vidareutvikling og kompetanseheving.
· Godt arbeidsmiljø med god takhøgde.
Om bedriften
Om arbeidsgivaren
System Trafikk AS vart stifta i 2002 og held til på Osterøy i Vestland. 53 tilsette er fordelt på godstransport, administrasjon, terminal, tungbilverkstad og småbilverkstad. Me har fokus på trivsel og arbeidsmiljø, og har mange tilsette som har vore med frå starten. System Trafikk er Miljøfyrtårnsertifisert og Fair Transport bedrift. Me har fokus på at dei tilsette skal vera med å utvikla og forbetra eigen arbeidsplass.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
43712f3a-03ee-47f4-b1bd-8e12b982bb79
- Sist endret
5. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
477578357