Intensivsjukepleiar
INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Intensivsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. september
Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum?
Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledige fleire stillingar som intensivsjukepleiar, både faste og vikariat.
Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du:
- Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar
- Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid
- Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering
- Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane
Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).
Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag!Arbeidsoppgåver
- Klinisk pasientarbeid i tråd med gjeldande prosedyrer og retningsliner
- Pasientovervaking, behandling og pleie
- Samarbeid med legar og anna tverrfagleg personell
- Bidra til fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerhet
- Rettleiing og opplæring av studentar og nyansatte (ved behov)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg
- Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert og ansvarsbevisst
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Personelg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Marit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5174061944
Stillingsprosent: 100, 85%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 22.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
435b5b7e-0dcd-44fb-a327-9c3d9d0ff9f9
- Sist endret
8. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
35a0930cc3bc4fab9d994ffdcb3b098f