Hopp til innhold

Reinhaldar - heimetenesta

Arbeidsgiver

Masfjorden kommune

Sted

Fensfjordvegen 615, 5986 Hosteland

Om jobben

Stillingstittel
Reinhaldar - heimetenesta (november 2026)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. november

Om stillinga

Masfjorden kommune søkjer etter reinhaldar i 100% fast stilling frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta.
Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.


Me ser etter deg som  

  • Har erfaring frå reinhaldsoppgåver
  • Er arbeidsam og fleksibel
  • Møter brukarane med respekt og positiv innstilling
  • Har førarkort klasse B

For søkarar med anna morsmål enn norsk er det krav om minimum nivå B

Det er ikkje krav til utdanning i stillinga, då opplæring vil bli gjeve. Har du fagbrev innan reinhald, helse eller omsorg vil dette vere positivt


Arbeidsoppgåver

Praktisk hjelp i heimen, som reinhald, klesvask, enkel matlaging, innkjøp med meir. Det kan også vere aktuelt å hjelpe nokre av brukarane med enklare personleg pleie og påkledning.


Me tilbyr 

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Oppdatert utstyr og hjelpemiddel i arbeidet
  • Løn i samsvar med avtaleverket
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om ordninga her

Kontaktperson for stillingen

Hildegunn Bjånes

Leiar

+4797176550

hildegunn.bjanes@masfjorden.kommune.no

Om bedriften

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes.

 

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

434b63cd-5ac9-4bcd-bc17-42846107748f

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10315633

Lignende annonser

Laster lignende annonser