Rådgjevar/seniorrådgjevar i kriminalomsorgas kompetansesenter
Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
Solheimsgaten 21, 2000 Lillestrøm
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar kompetansesenteret - tryggleik
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
Om stillingen
Ønskjer du å bidra til å forme framtidas kriminalomsorg ved å utvikle kompetansetilbod som styrkjer kunnskapsbasert straffegjennomføring?
Vi søkjer ein fagleg engasjert rådgivar/seniorrådgivar som likar å ta ansvar og som blir motivert av å bidra til ei tryggare og meir kunnskapsbasert kriminalomsorg.
Kompetansesenteret ved KRUS er ein sentral aktør i utviklinga av straffegjennomføringa i Noreg. Hos oss får du vere med på å styrkje kompetansen i heile kriminalomsorga – gjennom etterutdanning, fag- og erfaringsbaserte samlingar, samt nasjonale konferansar for tilsette i kriminalomsorga og etaten sine samarbeidspartnarar. Andre viktige arbeidsområde er utviklingsarbeid, utgreiingar og evalueringar som speglar dei viktigaste utfordringane i etaten.
For å møte kriminalomsorga sitt aukande behov for kompetanse innan radikalisering og valdeleg ekstremisme, tryggleik og beredskap – samt styrkje vår deltaking i internasjonale aktivitetar gjennom EØS-prosjekt – har KRUS oppretta ei ny stilling. Som rådgivar/seniorrådgivar vil du få ansvar for å utvikle og levere kompetansetiltak innanfor desse områda, både nasjonalt og internasjonalt.
Hos oss får du høve til å vere med på å utvikle framtidas kriminalomsorg. Du vil jobbe tett på praksisfeltet, med både kompetanseheving og utviklingsarbeid. Vi ser etter deg som trivst med å jobbe på tvers av fagområde, i samarbeid med andre så vel som sjølvstendig. Det kan òg bli aktuelt å bidra i undervisning på høgskulekandidat- og/eller bachelorstudiet i straffegjennomføring.
Arbeidsoppgaver
- Prosjektleiing og fagansvar
- Utvikle og gjennomføre kompetansetiltak innan tryggleik, beredskap, radikalisering og valdeleg ekstremisme
- Kompetanseutvikling og undervisning
- Bidra i etterutdanning og utviklingsoppgåver i kriminalomsorga sin kompetansekalender
- Utvikle og forbetre undervisnings- og kursmateriell til kompetansetiltak, kurs og konferansar
- Delta i, og ved behov leie, arbeidsgrupper
- Utviklings- og analysearbeid
- Utføre utgreiings-, utviklings- og evalueringsoppgåver knytt til etaten sine behov og utfordringar
- Delta i nasjonale og internasjonale prosjekt, inkludert EØS-finansierte prosjekt
Utdanning og erfaring
Du må ha:- For rådgivarstilling: Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå og relevant erfaring. Lang og relevant erfaring kan unntaksvis kompensere for utdanningskravet.
- For seniorrådgivarstilling: Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på masternivå og betydelig relevant erfaring og kompetanse på høyt nivå, tilpasset stillingens funksjoner. Bachelorgrad kombinert med lang og relevant erfaring kan unntaksvis erstatte kravet om mastergrad. Særleg relevant og spesifikk erfaring kan òg kompensere for utdanningskravet.
- Relevant erfaring frå kriminalomsorga eller tilsvarande etatar
- Oppdatert fagkompetanse innan radikalisering og valdeleg ekstremisme, samt tryggleik og beredskap
- Erfaring med prosess- og prosjektleiing
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg, på minimum norsk og engelsk
- Kjennskap til og erfaring frå EØS-samarbeid i regi av kriminalomsorga
- Språkferdigheiter som er relevante for kommande EØS-prosjekt
- Pedagogisk erfaring og interesse for undervisning
- Erfaring med nettbasert undervisning og bruk av digitale læringsverktøy
Personlige egenskaper
- Fagleg oppdatert og engasjert, med ein systematisk og strukturert arbeidsstil
- God gjennomføringsevne og oppteken av å følgje opp oppgåver frå start til mål
- Løysingsorientert og initiativrik, både i møte med faglege og praktiske utfordringar
- Fleksibel og omstillingsdyktig, med evne til å handtere komplekse og varierte oppgåver
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Godt arbeidsmiljø og kollegaer med høgt fagleg engasjement, i tillegg til eit tverrfagleg nettverk innanfor eit spennande fagfelt.
- Fast stilling som rådgjevar, kode 1434, med løn frå kr 600 000 til 760 000, eller seniorrådgjevar, kode 1364, med løn frå kr 650 000 til 850 000. Stillingstittel og løn blir fastsett etter ei individuell vurdering av erfaring og kompetanse. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. For særleg godt kvalifiserte kan høgare løn vurderast.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og moglegheit for bustadlån i Statens pensjonskasse
- Kantine
- Sentralt plassert midt i Lillestrøm, med få minuttar å gå frå Lillestrøm stasjon
- Treningsrom og moglegheit for trening i arbeidstida
Generell informasjon
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke, og ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til betre oppgåveløysing. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal det kallast inn minst éin søkjar frå kvar gruppe til intervju. Du kan lese meir om dei ulike gruppene her, og dersom du kjenner deg att, kan du krysse av for rett gruppe i jobbsøkarportalen vår.
Vi gjer merksam på at det skal leverast uttømmande politiattest før tilsetjing, og at denne ikkje kan innehalde merknader på vandel for den som blir tilsett. Vi gjer samstundes merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjar blir i så fall varsla på førehand, og får moglegheit til å trekkje søknaden sin. Den som blir tilsett, må rette seg etter organisatoriske eller andre endringar som blir bestemt for arbeidsområdet.
For å søkje på denne stillinga skal søknad og CV sendast elektronisk via lenka «Søk stillinga» i Jobbnorge. Alle opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring skal leggjast inn i det elektroniske skjemaet. Både utdanning og arbeidserfaring skal dokumenterast med vitnemål og attestar. Vi ber om at du hentar digitalt vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer.
Ved spørsmål om elektronisk utfylling av CV eller andre tekniske utfordringar kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20. Dersom du har spørsmål som gjeld stillinga, kan du ta kontakt med ansvarleg for tilsetjinga, avdelingsleiar Hege C. Lauritzen på telefon +47 984 65 818.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga si høgskule og utdanningssenter KRUS er den einaste høgskulen som utdannar fengselsbetjentar i Noreg. Vi tilbyr studium innanfor straffegjennomføring, driv forskings- og utviklingsarbeid og er eit kompetansesenter for kriminalomsorga. Ei av våre hovudoppgåver er å bidra til kvalitet i kriminalomsorga gjennom utvikling og formidling av kompetanse innanfor straffegjennomføring.
Høgskulen har ei leiande stilling i Skandinavia innan forsking på kriminalomsorg og straffegjennomføring. Fagfeltet er tverrfagleg og består mellom anna av kriminologi, sosiologi, filosofi, juss, psykologi, psykisk helsearbeid, sosialt arbeid og tryggleiksfag.
KRUS går ei spennande framtid i møte og ser etter fleire motiverte kollegaer! Frå januar 2026 vert det etablert ei ny deltidsutdanning, noko som medfører behov for fleire tilsette i perioden 2025–2027. For å bli betre kjent med KRUS, våre tilsette og jobbmoglegheiter ved høgskulen, klikk her.
Kriminalomsorga består av fem regionar med om lag 60 lokale fengsel og friomsorgskontor, i tillegg til Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS. Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er trygg for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit liv utan kriminalitet. Vår visjon er «Straff som endrar», og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking – som er styrande for åtferda vår og for organisasjonen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
42d088c2-2b69-4c25-9009-402354c3d075
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264227