Helsefagarbeidar
Ytre Haram heimteneste, Haram omsorgstenester
Storgata 20, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar Ytre Haram heimeteneste
Type ansettelse
Fast, deltid 78.17%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Vi søkjer etter to helsefagarbeidarar, for tida ved Ytre Haram heimeteneste, som er lokalisert i Brattvåg.
Stilling nr 1: 78,17% fast stilling i turnus, med for tida arbeid på dag/kveld og kvar 3. helg.
Stilling nr 2: 80% vikariat. Stillinga er arbeid i turnus, med for tida arbeid på dag/kveld og kvar 3. helg.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som helsefagarbeidar.
- Pleie og omsorg til brukarar.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar, eller ferdig utdanna helsefagarbeidar i løpet av kort tid.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere oppteken av fag og framtid.
- Du må vere løysingsorientert og engasjert.
- Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
- Du har gode evne til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande.
- Du har gode evne til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
- Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Du har godt humør og ei positiv framtoning.
- Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
- Du ønskjer å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får riktig tilbod på riktig plass.
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med base på Eidet omsorgssenter.
- Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
- Vi har stor fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5014681754
Stillingsprosent: 78,17, 80%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
42baad43-f8d6-4271-abe0-13346a0ce8b2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6670bcb1c1d742f4a239102a0c5af8f8