Hopp til innhold

Sjukepleiar i Heimetenesta

Arbeidsgiver

Austrheim kommune

Sted

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 13. oktober

Om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i Heimetenesta, med arbeid på dag og kveld, og kvar 4. helg.

I Heimetenesta har vi valt å satse på langvakter i helg, noko som gir ein annleis og spennande arbeidskvardag. Helgevaktene er på 14 timar laurdag og søndag og gir lengre samanhengande arbeidsperiodar og færre helger på jobb.

Heimetenesta er organisert i éi sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Som sjukepleiar får du ein variert og sjølvstendig arbeidsdag, samtidig som du blir ein viktig del av eit tverrfagleg team med fokus på kvalitet, fagleg utvikling og gode tenester for brukarane våre.

Vi nyttar i dag Visma Profil, men er godt i gang med arbeidet med å ta i bruk eit nytt elektronisk pasientjournalsystem. Digitalisering og bruk av ny teknologi er viktige satsingsområde for framtida i Austrheim kommune, og som medarbeidar i Heimetenesta får du vere med på denne utviklinga.

Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring og fagutvikling. Vi samarbeider også på tvers av einingane innan pleie og omsorg for å utvikle gode arbeidsprosessar, utnytte ressursane på ein god måte og sikre forsvarlege og framtidsretta tenester.

Hos oss får du moglegheit til å bruke sjukepleiarkompetansen din i ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får arbeide tett på brukarane og samtidig vere med på å utvikle Heimetenesta vidare.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pasientretta sjukepleie, pleie, omsorg og behandling til personar som bur i eigen heim
  • Gjere sjølvstendige faglege vurderingar, observasjonar og oppfølging av pasientane sine behov
  • Samarbeide tett med pasientar, pårørande og kollegaer, og bidra til gode og heilskaplege tenester
  • Samarbeide tverrfagleg med andre faggrupper og tenester rundt pasienten
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar, faglege krav og gjeldande lovverk
  • Delta i vurdering og oppfølging av endringar i pasienten sin helsetilstand, med fokus på tidleg oppdaging og førebygging av forverring
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra aktivt til fagutvikling og kvalitetsforbetring
  • Bidra til å utvikle og ta i bruk digitale løysingar og velferdsteknologii tenestene
  • Vere med på å vidareutvikle Heimetenesta og bidra til framtidsretta og forsvarlege teneste

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Vi ser etter deg som:

  • Trivst med å arbeide med menneske med ulike behov for pleie, omsorg og helsehjelp
  • Er fagleg trygg, ansvarsfull og profesjonell i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Møter utfordringar og uventa situasjonar med ro, tryggleik og gode faglege vurderingar
  • Arbeider sjølvstendig, strukturert og systematisk, samtidig som du ser verdien av å samarbeide godt med andre
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er løysingsorientert, fleksibel og ser moglegheiter i staden for hindringar
  • Er oppteken av kvalitet, fagutvikling og kontinuerleg forbetring
  • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og eit inkluderande fellesskap
  • Er positiv, engasjert og påliteleg
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Engasjerte, dyktige og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt, inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Ein aktiv og variert arbeidskvardag med spennande faglege utfordringar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Moglegheit for vidareutdanning – blir vurdert individuelt i den enkelte eininga
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Austrheimmodellen, med fokus på gode og fleksible arbeidsordningar
  • Årsturnus frå veke 49 i 2026
  • Langvakter i helg og arbeid kvar 4. helg

Heim til Austrheim

Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Kontaktperson for stillingen

Hege Bergsvik Sætre

Einingsleiar

+4740037532

hege.bergsvik@austrheim.kommune.no

Om bedriften

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn! 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4248b90b-0366-4441-a3bb-58f4494f1463

Sist endret

22. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10310031

Lignende annonser

Laster lignende annonser