React Developer – Bli med å utvikle framtidas Highcharts!
Highsoft
Media City Bergen, 5008 Bergen, Rocketfarm AS, 6856 Sogndal, Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. januar
Likar du å bygge funksjonalitet som faktisk blir brukt? Highsoft er selskapet som starta med eit hobbyprosjekt for å vise snødjupn på Vikafjellet, og er no blitt til verdas mest brukte bibliotek for datavisualisering. I dag blir Highcharts brukt av 80 av dei 100 største selskapa i verda, og vi held framleis på med det same: å lage verktøy utviklarar faktisk elskar å jobbe med.
Kanskje jobbar du i dag med komplekse grensesnitt eller store webapplikasjonar, og ønskjer deg ein plass der du får meir innverknad? Som React Developer hos oss får du moglegheit til å forme nye løysingar, skape gode brukaropplevingar og bidra direkte inn i eit produkt som står på eigne bein – ikkje berre ein komponent i eit system. Ein plass der du kjem tett på produktet, design, utvikling – og av og til kundane? Då kan dette vere jobben for deg.
Hos oss får du vere med og utvikle Highcharts vidare, med global rekkevidde og lokal forankring - blir du med?
Kva går jobben ut på?
Som React Developer i Highsoft er du med og vidareutviklar Highcharts saman med produktleiar, designarar og utviklarar. Du designar og implementerer nye funksjonar, forbetrar eksisterande løysingar og sikrar kvalitet gjennom heile utviklingsløpet.
Du skriv kode, testar, feilsøkjer og tek tekniske val som støttar både brukarbehova og produktstrategien. Du omset design og krav til solide tekniske løysingar, og deltek i tekniske diskusjonar og arkitekturval. Innimellom møter du òg kundar og brukarar gjennom innsiktsintervju eller brukartestar.
I praksis betyr det at du skal:
designe og implementere nye funksjonar
forbetre og modernisere eksisterande løysingar
skrive kode, teste, feilsøke og sikre god kvalitet i heile løpet
omsetje design og krav til robuste, praktiske tekniske løysingar
bidra i tekniske diskusjonar, arkitekturval og kodegjennomgangar
frå tid til anna delta i kundemøte, innsiktsintervju eller brukartestar
Ein viktig del av rolla er å jobbe med vidareutvikling av Highcharts-biblioteket, med særleg fokus på React. Difor er senior kompetanse innan React sentralt – vi ser etter nokon som ikkje berre har brukt eksisterande komponentbibliotek, men som har erfaring med å utvikle eigne React-komponentar. Solid kompetanse i JavaScript/TypeScript og React er avgjerande, og React-området blir eit tydeleg fokusområde du vil få ansvar for å styrkje og vidareutvikle.
Erfaring med teknologiar som Angular, Vue, Tailwind, Next.js, Node.js, CI/CD, tilgjenge og moderne CSS er ein fordel, men ikkje eit krav. Du vil samarbeide tett med resten av teamet for å sikre god flyt, teknisk kvalitet og stabile leveransar.
Kven er du?
Du har solid erfaring med React, JavaScript og TypeScript – og har gjerne utvikla eigne komponentar, ikkje berre brukt andres. Du trivst med komplekse frontend-utfordringar og bryr deg om ytelse, struktur og universell utforming.
Du er nysgjerrig på brukarane og ønskjer å forstå korleis produktet faktisk blir brukt. Det motiverer deg å omsetje behov og innsikt til konkrete, gode løysingar – og du trivst når du får kople tekniske vurderingar saman med brukaroppleving og produktstrategi.
Som person likar du å jobbe i tverrfaglege team, og du bidreg til eit positivt, ope og inkluderande arbeidsmiljø. Du set pris på systematikk og kvalitet i arbeidet ditt, og finn glede i feilsøking, struktur, vedlikehald og kontinuerlege forbetringar.
Formell utdanning er eit pluss, men ikkje eit krav. Vi er mest opptekne av kva du kan, korleis du tenkjer, og korleis du brukar kompetansen din til å skape gode løysingar.
Kvifor jobbe hjå oss?
I Highsoft blir du ein del av eit miljø prega av samarbeid, korte beslutningslinjer og skikkeleg fagleg tyngd. Du jobbar med eit produkt som er brukt over heile verda – i ein organisasjon med varme, humor og god plass til å vere seg sjølv.
Hos oss får du:
🏔️ Ein trygg, sosial og uformell arbeidskvardag
🚀 Ein arbeidsplass med korte vegar frå idé til handling
🤝 Tett samarbeid med dyktige utviklarar, designarar og produktleiarar
🧭 Ein erfaren mentor når du startar – vi tek vare på dei nye
🏡 Ein fleksibel, hybrid arbeidskvardag
🎯 Dartkampar, fjellturar og kaffipauser i stova
Me har kontor i Vik, på Rockethouse i Sogndal og Media City Bergen – du kan jobbe frå den av lokasjonene som passar deg best 🌍
📞 Klar for ein prat?
Er du nysgjerrig og vil vite meir berre ta kontakt med
CTO Jørgen Tistel – tlf. +47 971 32 057
eller Teamleiar Stian Totland – tlf. 977 51 565
Om du vil søke; send oss ein CV og kort tekst om kvifor du har lyst til å jobbe hos oss. Frist for å søke er den 8. januar 2026.
Bli med å utvikle Highcharts til nye høgder! 🚀
Kontaktperson for stillingen
Jørgen Tistel
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
422ed59d-97b1-4d43-b970-46d10961a3ff
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
teamtailor
- Referanse
teamtailor-6927942-1753765
Lignende annonser
Innovation-to-Market Specialist
Arbeidsgiver
Highsoft AS
Sted
Vik i Sogn
Full-Stack Utvikler – Frivind AS (Sogndal)
Arbeidsgiver
Frivind AS
Sted
Sogndal
Senior Utvikler
Arbeidsgiver
Sopra Steria
Sted
Bergen