Autagro Møgedal søkjer landbruksmekanikar
Autagro Møgedal
Sandsvegen 261, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Landbruksmekanikar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Kan du skru? Autagro Møgedal treng mekanikar!
Autagro Møgedal treng ny mekanikar som kan vere med å halde hjula i gang! Er det deg eller nokon du kjenner?
Autagro Møgedal er ei tradisjonsrik bedrift som held til på Sand i Suldal kommune. Her er verkstad og butikk innan hus, hage, hytte og gard. Me sel og vøler køyretøy, reiskapar, innreiing og fòringssystem for stor- og småfe. I tillegg har me ein velutstyrt butikk med alt som høyrer til. Kundane våre finst både i byggefelt, på hytta, småbruket eller på store gardsbruk.
Teamet i Autagro Møgedal består av folk som både vøler og sel, med ganske ulik bakgrunn. Felles for dei, er at dei både held høgt fagleg nivå og er utruleg trivelege. Det smittar mellom kollegaer og på kunden. Kunden står alltid i sentrum, og me jobbar tett saman for å finne fram til dei beste løysingane. Alle kundar er like viktige, uansett om dei treng ein pakning til hageslangen eller ein ATV -- og kan me hjelpa, så gjer me det.
Som mekanikar vil du derfor møte både små og store utfordringar. Arbeidet er allsidig, og passar godt til folk som kan ulike maskinar, og er nyfikne på å læra meir. Det blir dagar inne på verkstaden med mekanisk arbeid på både traktor, ATV, reiskapar og snøscooter. Men det blir også timar i servicebilen vår på landevegen, her får du sjans til å kome ut på gardane, møte trivelege bønder og bli kjent i Ryfylke.
Mekanikarfaget er allsidig -- og det same er mekanikarane. Nokon har fagbrev innan landbruks-, anleggs- eller industrimekanikar, andre har same kompetanse gjennom erfaring. Om du vil ta fagbrevet hos oss, får me det til. Uansett håpar me du søkjer. I denne jobben trengst erfaring med feilsøking mekanikk, hydraulikk og elektriske komponentar, og at ein kan handtere moderne feilsøkingsutstyr. Som mekanikar er det også viktig å forstå teknisk litteratur både på norsk og engelsk. Førarkort for bil og traktor er avgjerande, men og noko som kan ordnast om du ikkje har.
Hjå oss er takhøgda stor, og du er inkludert frå dag éin. At Autagro Møgedal har topp arbeidsmiljø, er resultat av at me jobbar kvar einaste dag for å skapa ein god kultur på arbeidsplassen. Me vil alltid forbetra oss, og er klare i talen både internt og i kundeoppfølging. Arbeidsdagen skal vera prega av triveleg drøs mellom kollegaer, rom for fagleg påfyll og kort veg til ein kollega som kan hjelpe -- anten med ei handsrekning eller svaret du treng.
Er dette noko for deg? Vil du vere med på å utvikle denne kjekke bedrifta. Ring dagleg leiar Hallvard Finnvik på 990 01 824, så tar me det derfrå.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
41f52157-5198-4e43-b129-ca38bdd4a3f7
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
435393391
Lignende annonser
Reparatør
Arbeidsgiver
Mibau Stema Norge AS
Sted
Jelsa
Veirekkverksmontør
Arbeidsgiver
Arvid Gjerde As
Sted
Agder, Akershus, Buskerud, Finnmark, Innlandet, Møre og Romsdal, Nordland, Oslo, Rogaland, Telemark, Trøndelag, Vestfold, Vestland, Østfold
Elektriker
Arbeidsgiver
Mibau Stema Norge AS
Sted
Jelsa