Vil du vere den som held byggeprosjekta i gang i Nordfjord og på Søre Sunnmøre? Vi søkjer betongbilsjåførar og betongpumpesjåførar!
Nordfjord Betong As
Hareid, Herøy (Møre og Romsdal), Ulstein, Volda, Ørsta, Kinn, Stad, Stryn
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Betongpumpefører
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Vil du ha ein variert arbeidskvardag og ein trygg arbeidsplass i eit solid konsern?
Bli med i teamet vårt, køyr lokalt og bli ein viktig del av bygge- og anleggsprosjekta i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Vi ser etter både betongbilsjåførar og betongpumpesjåførar som ønskjer å vere med på å byggje lokalsamfunna våre.
Er dette deg?
Du trivst bak rattet, likar praktisk arbeid og set pris på å sjå konkrete resultat av jobben du gjer. Du ønskjer ein arbeidskvardag med ansvar, variasjon og gode kollegaer rundt deg.
Kanskje køyrer du lastebil i dag og ønskjer nye utfordringar. Kanskje har du erfaring frå betongbransjen. Eller kanskje du er motivert for å lære eit nytt fag.
Som ein del av Nordfjord Betong og Vågegruppa får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med lange tradisjonar, høg aktivitet og ambisjonar for framtida.
Arbeidsoppgåver
Som betongbilsjåfør vil du:
-
Transportere og levere ferdigbetong
-
Ha kundekontakt ute på byggjeplass
-
Ha kontroll og vedlikehald av køyretøy
-
Bidra til sikker og effektiv gjennomføring av leveranser
-
Vere selskapet sitt ansikt utad på byggeplassane
-
Sikre kvalitet og god service til kundane våre
Som betongpumpesjåfør vil du:
-
Operere og handtere betongpumpebil
-
Gjennomføre pumpeoppdrag på byggjeplassar
-
Samarbeide tett med kundar og entreprenørar
-
Ha kontroll og vedlikehald av utstyr
-
Sikre kvalitet og god service til kundane våre
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer gjerne at du:
-
Har førarkort klasse C (CE er ein fordel)
-
Har gyldig YSK
-
Er ansvarsbevisst og påliteleg
-
Har fokus på HMS og kvalitet
-
Trivst med kundekontakt
-
Kan jobbe både sjølvstendig og i team
Erfaring frå betongbransjen er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplærings vil bli gitt til rette kandidatar.
Vi tilbyr
-
Fast stilling i eit solid konsern
-
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
-
Moderne bilpark og godt utstyr
-
God opplæring og fagleg utvikling
-
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
-
Varierte og sjølvstendige arbeidsdagar
-
Moglegheit for vidare utvikling innan Nordfjord Betong og Vågegruppa
-
Ein trygg arbeidsplass med lange tradisjonar og framtidsplanar
Dette kan bli starten på noko bra -- derfor bør du velje oss
Vi trur at dei beste resultata vert skapt av medarbeidarar som trivst, får ansvar og opplever stoltheit i jobben dei gjer.
Bli ein del av teamet i Nordfjord Betong, tileigne deg meir kompetanse og samarbeid med mange dyktige kollegaer på tvers av systerselskapa i Vågegruppa.
Søk no!
Send søknad og CV til kontaktperson Alex Heltne: alex@avage.no
Vi vurderer søknader fortløpande og ønskjer å få nye medarbeidarar på plass så raskt som mogleg.
Har du spørsmål om stillinga, tek vi gjerne ein uforpliktande prat!
Velkomen som søkjar til Nordfjord Betong -- Lokalt engasjert, sterke fagmiljø, trygge arbeidsplassar.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nordfjord Betong vart stifta hausten 2018 og har hovudkontor på Løkjaneset i Nordfjord, og dekkjer både Nordfjord og Søre Sunnmøre.
Våren 2026 kjøpte Vågegruppa 50% av Nordfjord Betong, og selskapet kom inn i eit solid konsern med verksemd innan betong, bygg og anlegg.
Gjennom fleire tiår har konsernet bygd sterke fagmiljø og skapt trygge arbeidsplassar i regionen. Med moderne utstyr, dyktige medarbeidarar og stek lokal forankring er vi ein viktig bidragsytar til utviklinga av Nordfjord og Sunnmøre.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
41e8d5c0-ce49-40c6-bf50-d66965e73f62
- Sist endret
26. juni 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
41e8d5c0-ce49-40c6-bf50-d66965e73f62