Hopp til innhold

Postdoktor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Årstadveien 17, 5018 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Postdoktor
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 30. august

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktor

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på 4 år. Stillinga er knytt til prosjektet  «Fair Choices on the Path to UHC – in times of change (2026–2030)», leia av Bergen Senter for Etikk og Prioriteringar (BCEPS), finansiert av Norad.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet «Fair Choices on the Path to UHC – in times of change (2026–2030)» er eit Norad-finansiert prosjekt som har som mål å støtte låg- og mellominntektsland i å ta rettferdige og kunnskapsbaserte avgjerder om prioriteringar i helsetenesta. Det fokuserer på å styrkje nasjonal kapasitet til å utforme rettferdige og kostnadseffektive helsesystem, særleg i ein kontekst med avtakande ekstern finansiering og endra demografiske forhold. Gjennom samarbeid med styresmakter og akademiske partnarar i land som Tanzania (mainland og Zanzibar), Nepal, Ghana, og Etiopia, fremjar prosjektet metodar frå helseøkonomi og etikk, inkludert økonomisk evaluering og inkluderande avgjerdsprosessar. Målet er å betre legitimiteten, effektiviteten og rettferda i prioriteringsavgjerder, og dermed leggje til rette for berekraftig framgang mot universell helsedekning (UHC).

Stillinga er ei postdoktorstilling med mål om å kvalifisere kandidaten til faglege toppstillingar. Dette inneber både deltaking i prosjektet sine kjerneaktivitetar og utvikling av sjølvstendig, kritisk og analytisk forsking. Kandidaten vil ha høve til å vidareutvikle og utfordre eksisterande kvantitative metodar og rammeverk i etikk som evaluerer avveging mellom effektivitet og rettferdig fordeling, og til å bidra med eigne forskingsspørsmål innanfor prosjektet sitt tematiske område.

Arbeidsoppgåver:

  • Å leie arbeidet med implementering og utvikling av rammeverk og metodar for kvantitative rettferdsvurderingar i FairChoices Analytics Tool (www.fairchoices.org), med eit særleg ansvar for avvegingar mellom rettferdsomsyn og kostnadseffektivitet av tiltak som er aktuelle for å inkludera i grunnleggjande helsetenestepakkar i lågare- og mellominntektsland. Dette arbeidet omfattar òg kritisk vurdering og vidareutvikling av metodar med utgangspunkt i ny forsking og kontekstuelle behov. Det analytiske rammeverket er utvikla i programmeringsspråket R.
  • Å implementere sosiale velferdsfunksjonar og distributive kostnadseffektivitetsanalysar av helsetiltak i FairChoices: DCP Analytics Tool og kople desse til analysar av nasjonale grunnleggjande helsetenestepakkar, samt utforske og utvikle nye analytiske tilnærmingar der det er vitskapleg relevant.
  • Å systematisere og vidareutvikle dokumentasjonen av rammeverk og metodar for distributive kostnadseffektivitetsanalysar, medrekna bidrag til metodologisk innovasjon og teoretisk utvikling.
  • Å initiere og publisere sjølvstendige og samarbeidande forskingsartiklar i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, både knytt til og utover den direkte bruken av FairChoices-rammeverket.
  • Å undervise i etikk og prioritering i helse, og rettleie ph.d.-studentar og andre studentar og partnarar, med mål om å styrkje akademisk kapasitet og kritisk refleksjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor medisin, samfunnsmedisin, eller liknande fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • Søkjaren må ha dokumentert erfaring frå forsking innan etikk knytt til helseøkonomi og prioritering i helse.
  • Erfaring med bruk eller utvikling av befolkningsbaserte helserettferdsvurderingar i helsepolitikk og empirisk forsking vert rekna som ein fordel.
  • Søkjarar må ha dokumenterte ferdigheiter i R eller eit tilsvarande programmeringsspråk.
  • Evne til å handtere komplekse oppgåver sjølvstendig på ein strukturert og systematisk måte, samstundes som ein aktivt bidreg i samarbeidande og tverrfaglege arbeidsmiljø.
  • Ha medisinsk embetseksamen.
  • Gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg norsk og engelsk.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. 

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.


Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 690 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten for søkjar med profesjonsstudie i medisin og odontologi er løn for tida kr 700 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 725 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet).
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga  
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Kjell Arne Johansson, e-post: kjell.johansson@uib.no, tlf.: 971 91 828.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.   

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

41cd5b52-b5ea-47f5-ad6a-74192b851cc6

Sist endret

10. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10305202

Lignende annonser

Laster lignende annonser