Er du ein kunderådgjevar med hjarte for landbruk?
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Grandavegen 7, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Kunderådgiver privatmarknad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sterke røter som lokal sparebank i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid vere. Vi set kunden og rådgjevinga i fokus. I kombinasjon med god lokalkunnskap er dette vår største styrke.
Ein av våre dyktige kollegaer går av med pensjon etter mange år i banken. Du har no moglegheita til å bli ein del av eit stabilt og godt arbeidsmiljø på Sandane, der vi kombinerer erfaring, pågangsmot og ekte engasjement for kundane våre.
Som kunderådgjevar får du ansvar for å utvikle og ta vare på kundar. Du gir gode råd som er tilpassa behova til kvar enkelt og bygg relasjonar som varer.
Dine hovudoppgåver vil vere:- Gi rådgjeving og løysingar innan sparing, lån, forsikring og daglegbank
- Følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje, med særleg ansvar for kundar som har tilknyting til landbruk
- Skape gode kundeopplevingar gjennom tett dialog og gode relasjonar
- Bidra til samarbeid, deling av kunnskap og felles måloppnåing i regionen
Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å samarbeide med andre, og har samtidig driv og engasjement når du jobbar på eiga hand.
Vi ser gjerne at du har høgare utdanning og er autorisert finansiell rådgjevar, men det viktigaste for oss er at du er engasjert og ønskjer å lære. Manglar du autorisasjon, hjelper vi deg med å få den på plass.
Vi veit at gode lag blir skapte av ulike folk, og vi håpar at du som kjenner deg igjen i dette vil søkje, uavhengig av bakgrunn, alder eller kjønn.
Kvifor skal du søkje hos oss?Her får du eit arbeidsmiljø der folk trivst, støttar kvarandre og tek vare på både kundar og kollegaer. Her er det korte vegar til avgjersler. Vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Vi legg vekt på at du skal ha ein kvardag som gir både fagleg og personleg utvikling. Samstundes ønskjer vi at du skal ha ein god balanse mellom jobb og fritid, med fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august.
Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Alle nytilsette får tildelt eigenkapitalbevis første året etter oppstart, og banken har eit gunstig spareprogram i EK-bevis for faste tilsette.
Du får funksjonærlån med god rente, samt tilsett-betingelser på sparing og forsikring. I tillegg har vi fleire andre velferdsgoder, som hytte på Beitostølen, Hemsedal og Hodlekve, og leilegheit i Bergen og på Gran Canaria.
Kombinasjonen av gode ordningar, støttande kollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver gjer at folk trivst, utviklar seg og blir verande hos oss lenge.
Om du lurer på noko eller ønskjer å vite meir om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med banksjef Odd Kjetil Tonning.Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon.
Bakgrunnssjekk gjennomførast av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
41a499e0-d9c7-4a20-a2ef-953df4c625a4
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
370c0409fa714c6f918c7b7787773537
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Norsk Landbruksrådgiving SA
Sted
Sandane
Arbeidsgiver
Olav Eikenæs Bok og Papir AS
Sted
Sandane
Servicetekniker / montør
Arbeidsgiver
Fjøssystemer Midt-Norge AS
Sted
Nordfjordeid