Hopp til innhold

Helsesjukepleiar

Arbeidsgiver

Helsestasjonstenester, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge

Sted

Olav Hålandsveg 2, 4351 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 14. oktober

Vil du jobba med barn og ungdom – og gjera ein forskjell kvar dag?

Ved Klepp helsestasjon har vi frå 01.01.2027 ei ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi søkjer deg som er engasjert helsesjukepleiar og som ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Om arbeidsstaden
Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. Tenesteområdet omfattar også barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team (KTT) og fritidstenester.
Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom tett samarbeid med elevar, føresette, skular og andre faginstansar arbeider vi for tidleg innsats, meistring og heilskapleg oppfølging.

Om stillinga
Stillinga er knytt til skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Som helsesjukepleiar vil du vera ein viktig støttespelar for elevar, føresette og skulen.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og ungdom for tidleg identifisering av behov og oppfølging
  • Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar 
  • Undervisning trinnvis og i grupper 
  • Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering 
  • Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar 

Kvalifikasjonar

  • Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som helsesjukepleiar
  • Er du i utdanningsforløp som helsesjukepleiar, kan du også søkje
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskelig 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer deg som: 
  • Har gode samarbeidsevner brenn for å fremje god helse og livsmeistring hos barn og ungdom
  • Møter barn, ungdom og føresette med respekt, tryggleik og varme
    byggjer gode relasjonar og skaper tillit
  • Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • Trivst med samarbeid og ser verdien av tverrfagleg arbeid
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr:
  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar dag
  • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Tett samarbeid i tverrfaglege team
  • Faste fagmøte, rettleiing og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Fadderordning og god oppfølging i oppstartsperioden
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
  • Løn etter gjeldande avtalar 

Kontaktinformasjon

Inger Olsson, Leder, +47 90804283

Arbeidsstad

Olav Hålandsveg 2
4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5187914808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Inger Olsson

Leder

+47 90804283

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

41993594-1f02-4f2a-9c3a-7e0349434f39

Sist endret

30. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

de8a45ecf89c447e869f919e1f1304d4

Lignende annonser

Laster lignende annonser