Hopp til innhold

Sjukepleiar 80% fast stilling på Natt Husnes/Halsnøy

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Husnestunet

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar Nattevakt Husnes/Halsnøy
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Natt
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. juli

Sjukepleiar - 80% fast NattevaktNattevaktene sør søkjer ny kollega

Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene sør i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.

På natt gir vi tenester til fleire einingar og brukargrupper. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.

Arbeidsoppgåver
  • Fagleg oppfølging av pasientar og brukarar
  • Bidra til tryggleik og kvalitet i tenestene gjennom natta
  • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
  • Dokumentasjon og oppfølging av tiltak
  • Handtering av akutte og uforutsette situasjonar
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som  sjukepleiar
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan anna relevant helsekompetanse bli vurdert.

    Personlege eigenskapar

    Vi ser etter deg som:

    • er fagleg trygg og kan arbeide sjølvstendig
    • har gode samarbeidsevner
    • er løysingsorientert
    • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
    • møter pasientar og pårørande med respekt og omsorg
    Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.Vi tilbyr
    • 80 % fast stilling på natt
    • Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
    • Eit godt fagmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
    • Gode arbeidstilhøve
    • Løn etter gjeldande avtaleverk
    Gode ordningar i Kvinnherad kommune
    • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
    • Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
    • Gratis SFO
    • Søskenmoderasjon i barnehage
    • Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
    Praktisk informasjonTilsetjing snarast.

    Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

    Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.

    Vil du bli vår nye kollega?
    Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.

    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Line Haugland

    Avdelingsleiar natt

    +47 47462946

    line.haugland@kvinnherad.kommune.no

    Om bedriften

    Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    415a713a-d7f9-474c-a0ae-e2217049c1c0

    Sist endret

    17. juni 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3636735_225951_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser